Alexandre Calame

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alexandre Calame
Sveitsisk landskap, 1830-åra
Am Urnersee (Ved Urnersjøen), 1849

Alexandre Calame (28. mai 181019. mars 1864) var ein sveitsisk kunstmålar. Han er særleg kjend for sine mange bilete frå alpelandskap, måla i ein romantisk stil.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Calame var fødd i Arabie i kommunen Corsier-sur-Vevey, i dag ein del av Vevey i kantonen Vaud. Far hans var ein marmorhoggar. Sjølv byrja han femten år å arbeide i ein bank. På fritida øvde han seg i å teikne og å fargelegge utsiktsbilete frå Sveits. Med hjelp frå bankieren Diodati fekk han i 1829 høve til å ta leksjonar hos landskapsmålaren François Diday. Etter nokre månader bestemte Calame seg for å verte kunstmålar.

Frå 1835 stilte han i Paris og Berlin ut bileta sine frå dei sveitsiske alpane og skogsområda. Dei vann snøgt åtgaum, særleg i Tyskland, trass i at Calame var meir ein teknar enn ein kolorist. I 1842 reiste han til Paris og stilte ut bilete av Mont Blanc, Jungfrau, Brienzsjøen, Monte Rosa og Matterhorn.

Calame reiste i 1844 til Italia og tok med seg mange bilete til Roma og Napoli. Han viste òg at han kunne fange det eigedomlege ved italiensk natur, men Alpane vart verande spesialiteten hans. Isbrear, fjellvatn, stormfelte tre, skyer og steinar, måla han med stor truskap til naturen, men med ei viss glatthet.

Eit av dei mest kjende verka hans er skildringa av dei fire årstidene og til ulike tider på døgnet. Verka hentar motiv frå fire regionar, der den sørlege er ein vårmorgan, sommarettermiddagen viser eit flatt landskap i nord, haustkvelden og vinternatta er begge frå fjellandskap. Endå meir populært enn dette store arbeidet, var Calame sine mindre arbeid. Både i form av litografi og etsingar, mellom anna 18 studiar av Lauterbrunnen og Meiringen og 24 ark av alpeovergongar. Desse verka selde godt i land som Frankrike, England og Tyskland. I dag vert dei mykje brukt til opplæring i teikning.

Calame døydde i Menton i Frankrike.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Alexandre Calame