Alexandre Dubuque

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alexandre Dubuque

Alexandre Dubuque (russisk Александр Иванович Дюбюк/Alexander Ivanowitsj Djubjuk) (3. mars 18128. januar 1898) var ein russisk pianist, komponist og musikkpedagog av fransk opphav.

Han var son av den franske aristokraten Jean Charles Louis du Buc de Brimeau som slo seg ned i Russland etter å ha flykta frå Frankrike under den franske revolusjonen.

Dubuque studerte hos John Field i Moskva. På oppmoding av Nikolaj Rubinstein blei han utnemnd til professor ved konservatoriet i Moskva og var i tenesta frå 1866 til 1872. Til elevane hans høyrde Milij Balakirev og Nikolaj Zverev. Etter at han slutta ved konservatoriet gav han klavertimar privat.

Dubuque var ein glitrande virtuos og framførde ofte verk av læraren John Field.

Dubuque war ein glänzender Virtuose und trug oft Werke seines Meisters John Field vor. Han skreiv rundt 40 klavertranskripsjonar av verka til Franz Schubert og komponerte fleire songar, spesielt romansar. Han skreiv òg ei handbok i klaverteknikk (1866) og ei erindringsbok om John Field.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen er basert på «Alexandre Dubuque» frå Wikipedia på tysk, den 20. november 2011.