Alexandre Maître de Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alexandre Maître de Bay
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 1650
Salins-les-Bains
Død

14. november 1715 (65 år)
Badajoz

Yrke offiser
Språk fransk

Alexandre Maître, marquis de Bay (165014. november 1715) var ein fransk offiser.

Frå 1696 til 1701 tente han i det nederlandske kavaleriet som oberst. I 1701 tilbaud han tenestene sine til Filip V av Spania og vart general i kavaleriet hans i Flandern. I 1704 vart han armékommandant i Estremadura. Han slo den samla engelsk-portugisiske armeen i slaget ved La Gudina i 1709. Året etter kommanderte han dei spanske styrkane i slaget ved Saragossa der han leid eit frykteleg nederlag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]