Alexei Shirov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alexei Shirov

Alexei Dmitrievich Shirov (latvisk: Aleksejs Širovs, russisk: Алексей Дмитриевич Широв) (fødd 4. juli 1972) i Riga, Latvia) er ein sovjetisk, seinare latvisk og spansk Stormeister i sjakk. På Verdssjakkforbundet FIDE si ratingliste pr 1. januar 2009 var han rangert som nr 12 i verda med FIDE-rating 2745.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Shirov vart verdsmeister for alderklassa under 16 år i 1988, vart nr 2 i VM for juniorar (under 20 år) i 1990, og vart stormeister i sjakk også i 1990.

Shirov har vunne mange sjakkturneringar, mellom anna: Biel 1991, Madrid 1997 (delt førsteplass med Veselin Topalov), Ter Apel 1997, Monte Carlo 1998, Mérida 2000, to gongar vinnar av Paul Keres Internasjonale Minneturnering i Tallinn, Estland med sigrar i 2004 og 2005, og Canadian Open Chess Championship i 2005.

I 1998 var Shirov rata som nummer fire i verda. På grunnlag av ratingen vart han invitert til å spele ein tvekamp over 10 parti mot Vladimir Kramnik, for å avgjere kven som skulle få utfordre Garri Kasparov til ein kamp om verdsmeisterskapen i sjakk. Shirov vann kampen med to vinstar, ingen tap, og sju remisar.[1] Men planane om VM-kamp mot Kasparov vart aldri noko av, då det ikkje lét seg gjere å finansiere tvekampen. Då Kasparov i staden spelte VM-kamp mot Kramnik i 2000, gjorde Shirov gjeldande at tvekampen var ugyldig og at han var den rettmessige utfordraren.[2]

I 2000 nådde Shirov finala i FIDE si utslagsturnering om Verdsmeisterskapen i sjakk, men tapte tvekampen mot Viswanathan Anand.

I mai-juni 2007 spelte Shirov i Kandidatturneringa til Verdsmeisterskapen i sjakk 2007. Han vann første runde, ein tvekamp mot Michael Adams (+1-1=4, vann omkampen i hurtigsjakk), men vart slått ut då han tapte andrerundekampen mot Levon Aronian (+0-1=5).

I november-desember 2007 spelte Shirov i Verdscupen i sjakk 2007. Han kom til finalen, men tapte denne 2,5-1,5 mot Gata Kamsky.

Personlege tilhøve[endre | endre wikiteksten]

I 1994 gifte Shirov seg med Verónica Alvarez frå Argentina, og flytta til Tarragona i Spania, og vart etter kvart spansk statborgar. Han spelar framleis for Spania, men bur no i Latvia. Seinare har Shirov vore gift med, og også blitt skilt frå IM Viktorija Čmilytė, Litauen.

Spelestil[endre | endre wikiteksten]

Shirov er kjend for å spele angrepssjakk og for å søke etter komplikasjonar. Denne spelestilen har ført til at han blir samanlikna med landsmannen, den latviske verdsmeistaren i sjakk frå 1960-61 Mikhail Tal. Shirov studerte også sjakk med Mihail Tal då han var ung.

Partieksempel[endre | endre wikiteksten]

Chess zhor 26.png
Chess zver 26.png
a8 b8 c8 d8 e8 f8 g8 h8
a7 b7 c7 d7 e7 f7 g7 h7
a6 b6 c6 d6 e6 f6 g6 h6
a5 b5 c5 d5 e5 f5 g5 h5
a4 b4 c4 d4 e4 f4 g4 h4
a3 b3 c3 d3 e3 f3 g3 h3
a2 b2 c2 d2 e2 f2 g2 h2
a1 b1 c1 d1 e1 f1 g1 h1
Chess zver 26.png
Chess zhor 26.png
Stillinga etter 47. ... Lh3, eit trekk som stormeister John Emms set som nummer ein i boka si The Most Amazing Chess Moves of All Time

I Linares sjakkturnering i 1998 spelte Shirov svart mot seinare FIDE verdsmeister i sjakk Veselin Topalov og vann med eit offisersoffer i eit sluttspel med løparar og bønder.[3]

1.d4 Nf6 2.c4 g6 3.Nc3 d5 4.cxd5 Nxd5 5.e4 Nxc3 6.bxc3 Bg7 7.Bb5+ c6 8.Ba4 O-O 9.Ne2 Nd7 10.O-O e5 11.f3 Qe7 12.Be3 Rd8 13.Qc2 Nb6 14.Bb3 Be6 15.Rad1 Nc4 16.Bc1 b5 17.f4 exd4 18.Nxd4 Bg4 19.Rde1 Qc5 20.Kh1 a5 21.h3 Bd7 22.a4 bxa4 23.Ba2 Be8 24.e5 Nb6 25.f5 Nd5 26.Bd2 Nb4 27.Qxa4 Nxa2 28.Qxa2 Bxe5 29.fxg6 hxg6 30.Bg5 Rd5 31.Re3 Qd6 32.Qe2 Bd7 33.c4 Bxd4 34.cxd5 Bxe3 35.Qxe3 Re8 36.Qc3 Qxd5 37.Bh6 Re5 38.Rf3 Qc5 39.Qa1 Bf5 40.Re3 f6 41.Rxe5 Qxe5 42.Qa2+ Qd5 43.Qxd5+ cxd5 44.Bd2 a4 45.Bc3 Kf7 46.h4 Ke6 47.Kg1 Bh3!! (Sjå diagram - det mest fantastiske sjakktrekket som har blitt spela i følgje stormeister John Emms) 48.gxh3 Kf5 49.Kf2 Ke4 50.Bxf6 d4 51.Be7 Kd3 52.Bc5 Kc4 53.Be7 Kb3 0-1

Sjakkbøker[endre | endre wikiteksten]

Shirov har skrive to bøker om dei beste partia hans:

  • Shirov, Alexei: Fire on Board: Shirov's Best Games, Everyman Chess, 1995 ISBN 1-85744-150-8
  • Shirov, Alexei: Fire on Board, Part 2: 1997-2004, Everyman Chess,2005 ISBN 1-85744-382-9

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1998-99 World Chess Council, Mark Week sine sjakksider
  2. Intervju ved Hartmut Metz, mai 2000, oversett til engelsk ved Harald Fietz
  3. [1]