Alf A. Sæter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alf Andreassen Sæter
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. november 1935 (88 år)
Aukra
Yrke skribent
Periode 1974-
Debut Mitt stakkars liv

Alf A. Sæter (fødd 8. november 1935)[1] er ein forfattar frå Molde. Han debuterte i 1974 med romanen Mitt stakkars nye liv og har gjeve ut 13 bøker, 3 av dei diktsamlingar. Han har i seinare tid skrive mykje erindringsstoff og lokalsoge.

Han har blitt tildelt både Melsom-prisen[2] og Sunnmørsprisen[3] og er også utkomen i Tyskland.[4]

Sæter har vore medlem i Den norske Forfatterforening sidan 1976 og skriv på nynorsk. 12 av bøkene hans er komne ut på Det Norske Samlaget.[5]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Kystlandskap : noveller, dikt og skodespel (2005)
  • Ingen engel er å sjå : novellesyklus (1998)
  • Far er død : roman (1997)
  • På begge sider av streken dikt, viser og vers (1996)
  • Bergfrue : roman (1995)
  • Påskebodskap : roman (1992)
  • Å henga hjarta sitt på ein rosebusk dikt (1990)
  • Å elska er å vera stille nesten heile tida dikt (1987)
  • Avkledd mann (1981)
  • Kjære Eva : roman (1979)
  • Frå barndomen av: roman (1976)
  • To i storm: roman (1975)
  • Mitt stakkars nye liv: roman (1974)

Dramatikk[endre | endre wikiteksten]

  • Ut med det gamle og inn med det nye – olsokspel, uroppført på Romsdalsmuseet i 1999

Litterære prisar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Alf A. Sæter». forfatterkatalogen.no. Arkivert frå originalen 4. august 2012. Henta 1. april 2012. 
  2. 2,0 2,1 Det Norske Samlaget, red. (1993). «Pris- og stipendvinnarar». Jubileumskalender 1993 : Det norske samlaget 1868-1993. Oslo: Det Norske Samlaget. s. 40-42. 
  3. «Sunnmørsprisen». Nettstaden til Bærum bibliotek. Henta 1. april 2012. 
  4. 4,0 4,1 «SAMBOK: 1308733216». Bibliotekkatalogen SAMBOK. Henta 1. april 2012. 
  5. Om Alf A. Sæter på nettstaden til Samlaget, arkivert frå originalen 4. mars 2016, henta 1. april 2012 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]