Alf Haugland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alf Haugland
Pseudonym Kal Korsvann
Stein Flottin
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. januar 1924
Landsmarka
Død

12. juli 2012 (88 år)

Yrke Jarnbanearbeidar
Periode 1981-
Debut Det er vi som er skyld i inflasjonen

Alf Haugland (fødd 1. januar 1924 i Landsmarka, død 12. juli 2012)[1][2][3] var ein norsk diktar.

Fyrste boka til Haugland kom ut i 1981 og heitte med Det er vi som er skyld i inflasjonen.[4] Det var ei diktsamling skriven på bokmål. Redaktøren i Telemark Tidend, Halvor J. Sandsdalen, overtala han til å skrive på nynorsk, og dei seinare bøkene hans er på den målforma.[1] [5] Haugland hadde byrja med skriving lenge før, alt i sju-årsalderen sende han avgarde fyrste innlegget sitt til Norsk Barneblad. Det var starten på eit langt liv som skribent i mange ulike blad og aviser, ofte under psevdonym. Han røpte to av løyndnamna sine, Kal Korsvann og Stein Flottin, men det var fleire andre også.[6] For Kragerø-avisa Vestmar skreiv han limericks i fem år frå 1947,[1] og han hadde dikt på trykk i Aftenposten og skreiv for NRK Telemark og Otto Nielsen i Søndagsposten. Ein flittig bidragsytar var han også i Telemark Tidend, og han hadde ting på trykk i Tyrihans.[6]

Dikta til Haugland er gjerne i fri form, og er oftast stutte.[6] Pennen hans kunne vere skarp og han skreiv mykje om aktuelle emne, og han nyttar seg også av humor[6]. I eit dikt beklagar han t.d. at ein minister ikkje er frå Bykle, for hadde han det vore kunne han skrive ein limerick om han. Politisk høyrde han til på venstresida, og han stod på kommunevallista til Sosialistisk Venstreparti i Nome kommune seinast i 2011.[7]

Haugland arbeidde i NSB og budde i Drangedal, Kragerø og Rollag. Han var mellom anna stasjonsmeister på Norefjord stasjon,[8] Rollag stasjon[9] og Veggli stasjon.[10] Som pensjonist flytte han attende til Nome og Lunde.[11][12]

Han fekk Rollag kommune sin kulturpris i 1989, Nome kommune sin kulturpris i 2002[12] og han mottok Målprisen til Buskerud Mållag.[1] I 2004 framførte Sondre Stordalen eit bestillingsverk på festivalen Viser ved kanalen, der han hadde sett musikk til tekstar av Alf Haugland. Verket heitte Vår lokale Alf.[13]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1981 – Det er vi som er skyld i inflasjonen – diktsamling
  • 1984 – Røynsle – diktsamling
  • 1985 – Gull og generasjonar – diktsamling
  • 1986 – Villblomar – diktsamling
  • 1987 – No kan vi sjå stjernene – diktsamling
  • 1988 – Gjerdesmett – diktsamling
  • 1988 – Ein seljemjuk sylvsmed frå Helle – limericksamling, gjeven ut under psevdonymet Kal Korsvann
  • 1990 – Novembersol – diktsamling
  • 2002 – Markjordbær – diktsamling
  • 2005 – Kort møte – diktsamling
  • 2007 – Samla dikt og limericks
  • 2013 - Lex Vita - diktsamling

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Halvor Ulvenes (6. desember 2007). «Populær diktar med ny samling». varden.no. Henta 22. mars 2012. 
  2. «Alf Haugland». kulturnett.no. Henta 22. mars 2012. 
  3. Alf Mellingen (12. juli 2012). «Alf Haugland er død». ta.no. 
  4. «Alf Haugland». forfatterkatalogen.no. Henta 22. mars 2012. 
  5. Marta Kjøllesdal (1. desember 2005). «Haugland med ny diktsamling». varden.no. Henta 22. mars 2012. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Marta Kjøllesdal (15. november 2002). «Humorist med ny diktsamling». varden.no. Henta 22. mars 2012. 
  7. «Alf Haugland». TV2 velgerguiden. Henta 22. mars 2012. 
  8. Aftenposten 22. september 1960, s. 14, kolonne 6
  9. ««Månedsbrev for februar måned 2010»». Rollag og Flesberg Rotaryklubb. 3. mars 2010. 
  10. Aftenposten 28. februar 1969, «Nye stasjonsmestere» s. 11
  11. ««Haugland, Alf»». Telemarksportalen. Henta 22. mars 2012. 
  12. 12,0 12,1 Marta Kjøllesdal (18. desember 2002). «Prisdryss over det utvida kulturomgrep». varden.no. Henta 22. mars 2012. 
  13. Andreas Soltvedt (19. juni 2004). «Alf (80) fikk fot for Sondre (22)». varden.no. Henta 22. mars 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]