Alf Sommerfelt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alf Sommerfelt

Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. november 1892
Trondheim
Død

12. oktober 1965 (72 år)

Yrke lingvist
Språk norsk, engelsk, fransk
Medlem av Académie des inscriptions et belles-lettres
Far Axel Sommerfelt
Ektefelle Aimée Sommerfelt

Alf Axelssøn Sommerfelt (23. november 189212. oktober 1965)[1] var ein norsk språkforskar, den første professoren i allmenn lingvistikk i Noreg, ved Universitetet i Oslo frå 1931 til 1962.

Sommerfelt vart fødd og voks opp i Trondheim. Han var sentral i å innføre strukturalismen til Noreg. Han hadde studert i Paris, og heldt forelesingar over Saussure, glossematikk, pragskolen og amerikansk strukturalisme. Nordistane ved dei nordiske institutta hadde lite til overs for denne innfallsvinkelen, og det var lite kontakt mellom strukturalistane og nordistane til innpå 1960-talet.

I lag med slavisten Olaf Broch grunnla Sommerfelt Norsk forening for sprogvidenskap i 1924, denne foreininga kom i eit par år framover til å spele ei viktig rolle for å introdusere nye lingvistiske teoriar til Noreg.

Sommerfelt skreiv fleire populære innføringsverk i språkvitskap. Han skreiv også innføringsboka i allmenn språkvitskap (1947), ei lærebok som vart lesen av alle språkstudentane på universitetet, og trykt opp att ti år seinare. Sommerfelt var også ein av redaktørane attom Norsk Riksmålsordbok.

Bibliografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Sommerfelt, Alf 1921: Le Breton parle a Saint-Pol-de-Leon : Phonetique et morphologie
  • Sommerfelt, Alf 1922: The dialect of Torr Co. Donegal. Videnskapsselskapets skrifter II. Hist.-filos. kl. 1-2
  • Sommerfelt, Alf Hvordan sproget blir til : en oversikt over sprogets rolle i samfundene Oslo : Cappelens forlag.
  • Sommerfelt, Alf 1947: Almen språkvitenskap : (det propedeutiske kursus).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]