Alfa Centauri
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Størrelsen og fargen til sola samanlikna med dei tre stjernene i Alfa Centauri-systemet.
Alfa Centauri er det næraste stjernesystemet til solsystemet og det lysaste på nattehimmelen (ikkje synleg ifrå den nordlege himmelhalvkula). Det ligg i stjernebiletet Kentauren ved ein avstand på 4,37 lysår (omtrent 41,5 trillionar kilometer eller 277 600 AE) og består av dei tre stjernene Proxima Centauri, Centauri A og Centauri B.
[endre] Stjernene
Proxima Centauri er ein raud dverg og ligg 4,22 lysår unna jorda sitt solystem. Centauri A og B utgjer ei binærstjerna og ligg båe omtrent 4,36 lysår unna. Ifrå jorda vil eit menneskeauga utan eit teleskop oppfatta binærstjerna som eitt enkelt lyspunkt og ikkje kunna skjelna mellom dei to stjernene.