Alfons Mucha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alfons Mucha i 1906

Alfons Maria Mucha (24. juli 18604. juli 1939) var ein tsjekkisk målar, plakatkunstnar og kunsthandverkar. Han var ein av dei fremste kunstnarane som nytta art nouveau-stilen. Mucha var fødd i Ivančice i Morava og døydde i Praha.

Kameliadama, 1896

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Mucha starta måle som autodidakt, og forsyrgde seg ei tid som illustratør. Han utdanna seg til målaryrket i Praha og Wien, åra 1885-87 gjekk han på kunstakademiet i München. Ferdig utdanna reiste han til Paris, der han ei tid delte atelier med Paul Gauguin.

Kring 1890 innleia Mucha eit samarbeid med den franske forleggaren Armand Colin. Den fylgjande tiårsperioden hadde han stor suksess som plakatkunstnar, mellom anna for songaren Sarah Bernhardt frå 1894. Også som interiørarkitekt og som formgjevar av glas og klede var han mykje etterspurd. Mucha arbeidde åra 1906-11 i USA, før han til sist slo seg ned i Praha.

Etter fyrste verdskrigen deltok han aktivt i danninga av den nye tsjekkoslovakiske staten og forma både frimerke og pengesetlar. I den siste delen av livet arbeidde Mucha mest med motiv frå slavisk mytologi.

Mucha sin kunst merker seg ut gjennom linjeeffektar som vektlegg det todimensjonale ved biletet. Han kombinerer desse med ein eleganse og symmetri som får ein til å tenke på sesessjonistane i Wien. Jamført med mange andre jugendkunstnarar er kunsten til Mucha både mondén, lettbeint og vakker. Den manglar dei erotiske og mørke undertonane som elles var så vanleg i jugendkunsten.

Han var son til ein rettstenar og var engasjert i opprettinga av den fyrste tsjekkisk-språklege frimurarlosjen. Mucha vart stormeister i den tsjekkoslovakiske storlosjen og øvste storkommandør i Tsjekkoslovakia.

Alfons Mucha er mellom dei alle mest kjende kunstnarane innanfor Art Nouveau/Jugendstil. Han er gravlagd på Vyšehrad-kyrkjegarden i Praha.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Alfons Maria Mucha

Kjelder[endre | endre wikiteksten]