Alfonso García Robles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alfonso García Robles

FøddAlfonso García Robles
20. mars 1911
Zamora
Død2. september 1991
Mexico by
NasjonalitetMexico
Områdefysikk
Yrkediplomat, skribent, advokat, politikar
InstitusjonarDei sameinte nasjonane
Alma materUniversidad Nacional Autónoma de México
MedlemColegio Nacional

Alfonso García Robles (20. mars 19112. september 1991) var ein meksikansk diplomat, politikar og vinnar av Nobels fredspris i 1982.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Alfonso García Robles voks opp i byen Zamora i delstaten Michoacán i Vest-Mexico. Han studerte jus ved Universidad Nacional Autónoma de México før han vart tilsett ved utanrikstenesta i Mexico i 1939. Her jobba han fram til 1946. I 1945 var han delegat for Mexico ved konferansen i San Fransisco som oppretta dei sameinte nasjonane. Frå 1946 - 1957 var han sjef for den politiske avdelinga i SN-sekretariatet, og etter dette vart han på nytt tilsett for utanrikstenesta.

Frå 1962 - 1964 var han ambassadør for Brasil, og frå 1964 til 1970 var han statssekretær for utanriksdepartementet. Robles var ei av drivkreftene til Tlatelolco-traktaten, som vedtok at Latin-Amerika og Karibia skulle vera atomvåpenfri sone. Avtalen vart underskriven i 1967 og endeleg sett i verk i 1969.

Frå 1971 til 1975 var Robles Mexico sin faste representant i SN, og i 1972 vart han eit medlem av heidersakademiet Colegio Nacional. I 1975 - 1976 vart han utanriksminister i Mexico, og same året vart han utnemnd til permanent representant i nedrustningskonferansen UNCD.

I 1982 vart Alfonso García Robles tildelt Nobels fredspris saman med den svenske politikaren og diplomaten Alva Myrdal. Både Myrdal og Robles fekk prisen for sin innsats med Tlatelolco-traktaten. Robles døydde i 1991, og i 2003 vart namnet hans rissa inn i heidersmuren ved Palacio Legislativo de San Lázaro, hovudkvartera til den meksikanske kongressen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]