Alfonso Leng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alfonso Leng.

Alfonso Leng Haygus (11. februar 189411. november 1974) var ein chilensk postromantisk komponist og tannlækjar. Tanta hans var komponisten Carmela Mackenna.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Alfonso Leng vart fødd i Santiago. Han vart kjend for å komponera det fyrste viktige symfoniske verket i chilensk tradisjon, «La Muerte de Alsino» (1922). Dette er eit symfonisk dikt inspirert av ein roman av den chilenske forfattaren Pedro Prado. Alfonso Leng komponerte i tillegg ei rekkje ulike verk, inkludert mange songar på ulike språk samt ei rekkje viktige verk for piano. Eit døme på det sistnemnde er dei fem «Doloras» (1914), som han seinare orkestrerte og ofte spelte på konsert i Chile og Latin-Amerika.

Alfonso Leng vann den nasjonale kunstprisen i Chile i 1957. Som tannlækjar vart han kjend som hovuddrivkrafta bak tannlækjarfakultetet ved Universidad de Chile, og han vart utvald til å vera den fyrste dekanen ved fakultetet.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]