Alfred Brendel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alfred Brendel i 2010.

Alfred Brendel (fødd 5. januar 1931) er ein austerriksk konsertpianist, poet og forfattar. Brendel er fødd i Tsjekkoslovakia og er i dag britisk statsborgar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Alfred Brendel vart fødd i landsbyen Wiesenberg i Tsjekkoslovakia. Landsbyen heiter i dag Loučná nad Desnou og ligg i regionen Olomouc i Tsjekkia. Som seksåring flytte familien Brendel til Zagreb i det noverande Kroatia. Under andre verdskrigen budde dei i Graz i Austerrike. Fjortenårige Alfred Brendel vart då sendt til Jugoslavia for å grava skyttargraver, men då han vart frostskadd vart han sendt på sjukehus. Brendel hadde fått pianoundervisning frå han var seks år gamal, og frå han var 14 studerte han piano og komposisjon ved konservatoriet i Graz i to år. Som pianist var han likevel stort sett sjølvlært.

Etter andre verdskrigen tok Brendel til å spela piano, komponera og måla. 17 år gamal heldt han sin fyrste pianokonsert i Graz, der han framførte verk av J.S. Bach, Brahms og Liszt i tillegg til nokre av sine eigne komposisjonar. I 1949 vann han ei prestisjetung pianotevling i Italia, og året etter flytte han til Wien. Han laga si fyrste innspeling 21 år gamal; Sergej Prokofjev sin femte pianokonsert. I resten av karrieren har han gjort innspelingar av Beethoven, Schumann og Schubert. Ei av dei største innspelingsbragdene hans Brendel er at han spelte inn samtlege pianokonsertar av Mozart saman med kammerorkesteret Academy of St Martin in the Fields og dirigent Neville Marriner.

I byrjinga av 1970-åra flytte han til London, der han har vore busett sidan. Alfred Brendel har eitt barn frå fyrste ekteskapet sitt, og tre frå sitt andre. Ein av sønene frå hans andre ekteskap, Adrian Brendel er cellist og har gjort innspelingar saman med faren.

Som forfattar har Alfred Brendel gjeve ut fire diktsamlingar, og ei rekkje essay om ulike musikalske tema. I 2009 deltok han i den prisløna dokumentarfilmen Pianomania som handlar om ein pianostemmar for Steinway & Sons.

Prisar og utmerkingar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]