Alfred Eriksen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alfred Eriksen (30. august 1864–4. mai 1934) frå Christiania var norsk stortingspolitikar, sokneprest på Karlsøy i Troms frå 1891 til 1911, redaktør og grunnleggar av avisa Nordlys.
Alfrd Eriksen grunnla Nordlys i 1902 og trykte avisa heime i prestebustaden på Karlsøy. Hovudgrunnen var at han rauk uklår med venstreavisa i Tromsø
Alfred Eriksen var ein av fire Arbeiderpartipolitikarar frå Nord-Noreg som vart valt inn på Stortinget i 1903 som dei første frå Arbeidarpartiet. Dei andre tre var Meyer Foshaug og John Lind-Johansen frå Troms og Jørg Berge frå Narvik. Alfred Eriksen vart ekskludert frå Arbeidarpartiet i 1912.