Alfred Hermann Fried

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alfred Hermann Fried

Statsborgarskap Austerrike
Fødd 11. november 1864
Wien
Død

5. mai 1921 (56 år)
Wien

Yrke kommentator, esperantist, skribent, pasifist, journalist
Alfred Hermann Fried på Commons

Alfred Hermann Fried (11. november 18644. mai 1921) var ein austerriksk forfattar, redaktør, pasifist og vinnar av Nobels fredspris i 1911.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Alfred Hermann Fried vart fødd i ein jødisk familie i Wien. Etter fullført skulegang, utdanna han seg til bokhandlar, og jobba ei tid som dette i Berlin. Då han såg ei utstilling av krigsbilete i 1881, bestemte han seg for å bli pasifist. Han vart kjend med forfattaren Bertha von Suttner som vart ein vidkjend person i fredsrørsla etter utgjevinga av boka hennar Die Waffen nieder - «Ned med våpna!» i 1889. Saman med von Suttner grunnla Fried i 1892 tidsskriftet Die Waffen nieder!, som han ytra seg i i tida framover. Same året var han med på skipinga av Deutsche Friedensgesellschaft; også saman med von Suttner.

I tida som fylgde deltok han på talrike fredskonferansar i Europa, og han skreiv ei lang rekkje bøker om fredssaka. I 1899 vart Fried redaktør for Die Waffen nieder!, som same året skifte namn til Die Friedenswarte - «Fredsvakta». Frå 1896 til 1900 var han redaktør for tidsskriftet til Deutsche Friedensgesellschaft - Monatliche Friedenskorrespondenz. Fried var også involvert i esperantorørsla, og i 1903 gav han ut ei lærebok i språket. I 1911 grunnla han den pasifistiske organisasjonen Verband für internationale Verständigung - «Forbundet for internasjonal forståing» saman med Otfried Nippold. Same året vart han tildelt Nobels fredspris for arbeidet med Die Friedenswarte. Prisen vart delt med den nederlandske politikaren Tobias Michael Carel Asser.

Under fyrste verdskrigen søkte Fried tilflukt i Sveits, der han vart involvert i skipinga av Folkeforbundet. Seinare skulle han likevel ytra seg kritisk mot både Folkeforbundet og Versaillestraktaten, avtalen som fekk slutt på krigen. Fried døydde i 1921 etter lang tids sjukdom i Wien.

Verkliste (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Friedenskatechismus (1894)
  • Die moderne Schiedsgerichtsbewegung (1904)
  • Pan-Amerika (1910)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]