Alfred Nobel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alfred Nobel

Alfred Bernhard Nobel (21. oktober 183310. desember 1896) var ein svensk kjemikar, ingeniør, oppfinnar og filantrop, kjend for å ha utvikla dynamitt og oppretta Nobelprisen.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Alfred Nobel var fødd i Stockholm som tredje son av Emmanuel Nobel (1801-1872). Familien budde i Stockholm til Alfred var 8 år gamal, og dei flytta til St. Petersburg der faren hadde starta ein maskinverkstad der det vart produsert torpedoar.

Alfred Nobel viste tidleg interesse for naturvitskap og språk, og hadde lett for å lære. Han skaffa seg omfattande kunnskapar om både naturvitskap og litteratur, men han tok aldri eksamen på noko universitet eller høgskole.

I 1863 flytta han attende til Sverige og byrja å arbeide som kjemikar ved faren sin verkstad i Helenborg. Han vidareutvikla sprengstoffet nitroglysering og starta industriell produksjon av dette i 1864. I 1867 fekk han patent på ein type sprengstoff han gav namnet dynamitt, etter å ha funne opp dette året før. Denne oppfinninga fekk stor innverknad på anleggsverksemd i mange land og la grunnlaget for Nobel sin store formue.

Som oppfinnar tok Alfred Nobel 355 patent.

Nobel døydde i Sanremo i Italia.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Nobel hadde også sterke sosiale interesser og ein draum om å gjere noko for menneske verda over. Han testamenterte det meste av formuen til eit fond der inntektene kvart år blir brukt til å dele ut Nobelprisen.

Grunnstoffet nobelium med atomnummer 102 er kalla opp etter Alfred Nobel.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]