Ali Abdullah Saleh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
علي عبد الله صالح
Ali Abdullah Saleh

President Ali Abdullah Saleh i 2004.
President av Jemen
Periode22. mai 1990–25. februar 2012
Fødd21. mars 1942
FødestadSanhan i Jemen
Død4. desember 2017
DødsstadSan'a
FarAbdallah Saleh Afaash
EktefelleAsma Saledp
BarnAhmed Saleh, Khalid Saleh, Sakhr Ali Abdullah Saleh, Ridan Ali Abdullah Saleh, Madeen Ali Abdullah Saleh, Salah Ali Abdullah Saleh

Ali Abdullah Saleh (21. mars 19424. desember 2017)[1] var ein jemenittisk militær og politikar som var president i Jemen frå 1990 til 2012. Han var president av Nord-Jemen frå 1978 til 1990 til landet gjekk saman med Sør-Jemen.

Militær og politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Saleh var fødd i al-Ahmar sør i Jemen i al-Ahmar-familien, den leiande familien i stammeforbundet Hashid. Han fekk ikkje fullstendig grunnskuleutdanning, men gjekk inn i hæren i 1958. Han steig i gradane, og i 1977 utnemnde presidenten i Nord-Jemen, Ahmed bin Hussein al-Ghashmi, han til militærguvernør for Taiz. Etter at al-Ghashmi blei snikmyrda i juni 1978 danna Saleh og tre andre eit provisorisk råd for å styra landet. 17. juli 1978 blei Saleh president i landet og øvstkommanderande i militæret. Han fekk fleire militære gradar, i desember 1997 godtok parlamentet ei utnemning til feltmarskalk. Saleh har dermed høgast militær rang i Jemen.

Saleh og partiet hans, Den allmenne folkekongressen, har vunne fleire val i Jemen, men er blitt kritiserte for korrupsjon, brot på menneskerettar og manglande demokrati. I 2005 sa Saleh på nasjonalt fjernsyn at han ikkje kom til å stillla ved presidentvalet i 2006, men endra seinare meining.

Oppreist mot Saleh[endre | endre wikiteksten]

Protest mot Saleh 21. februar 2011.

Seint i 2010 braut det ut protestar mot Saleh i samband med «den arabiske våren». 2. februar 2011 sa Saleh at han ville gå av som president i 2013, når perioden hans var over. Protestane mot Saleh fortsette, fleire titals demonstrantar blei drepne, og fleire av parlamentarikarane frå partiet hans trekte seg i protest mot valden.

20. mars forkasta Saleh heile regjeringa si, men bad medlemmene sitja som mellombels regjering til han kunne danna ei ny. 22. mars åtvara han om at forsøk på å styrta han ville føra til borgarkrig.

23. april gjekk Saleh med på ein overgangsplan som medførte at han ville få strafferettsleg immunitet mot at han gjekk av innan 30 dagar. Han skulle gje makta til visepresidenten Abd al-Rab Mansur al-Hadi. 18. mai 2011 gjekk han med på ein avtalet med oppposisjonsgrupper som sa at han ville gå av innan ein månad. 23. mai nekta han å skriva under på avtalen. Nye protestar braut ut, og Golfrådet trekte seg frå forsøk på forhandlingar i Jemen.

3. juni blei Saleh såra i eit rakettåtak mot presidentpalasset. Fire livvaktar blei drepne medan statsministeren, visestatsministeren og guvernøren av Sana også blei såra. Saleh drog til Saudi-Arabia for å få behandling, og Abd al-Rab Mansur al-Hadi overtok som fungerande president. 23. september blei det annonsert på statleg jemenittisk fjernsyn at Saleh hadde kome tilbake til landet. 8. oktober sa han på i ein kommentar på statleg fjernsyn at han ville trekka seg frå makta i «dei komande dagane». Utsegna blei motteken med skepsis frå opposisjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Amund Bakke Foss, Martha Holmes, Kristian Aaser (4. desember 2017). «Jemens ekspresident, Ali Abdullah Saleh, drept av opprørere». VG. Henta 15. desember 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ali Abdullah Saleh