Aljaksandr Milinkjevitsj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aljaksandr Milinkjevitsj
Алякса́ндар Уладзі́меравіч Мілінке́віч

Fødd25. juli 1947
Hrodna
NasjonalitetBelarus
Yrkefysikar, etnolog, universitetslærar, historikar, politikar, matematikar, menneskerettsaktivist
InstitusjonarJanka Kupala statlege universitet i Grodno
Alma materJanka Kupala statlege universitet i Grodno

Aljaksandar Uladzimeravitsj Milinkevitsj (fødd 25. juli 1947 i Hrodna) er ein belarusisk politikar og fysikar. Ved presidentvalet i Belarus 19. mars 2006 var han kandidaten til ein brei koalisjon av opposisjonsgrupperingar til å utfordra det diktatoriske styret til den sitjande presidenten, Aljaksandar Lukasjenka.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Milinkevitsj vart fødd i 1947 i Hrodna i Den kviterussiske sosialistiske sovjetrepublikken. Bestefaren var aktivist i den belarusiske nasjonalrørsla etter den russiske revolusjonen. I 1969 vart han ferdig med ei utdanning i fysikk ved det pedagogiske instituttet i Hrodna. I 1968-69 var han òg med på å vinna den belarusiske meisterskapen i basketball. I 1976 forsvarte han ein doktorgrad i fysikk om temaet kraftige laserimpulsar ved universitetet i Hrodna. Etterpå jobba han ved fysikk-instituttet til det belarusiske vitskapsakademiet. Mellom 1980 og 1984 leia han fysikk-fakultetet ved universitetet i Sétif i Algerie. Han var òg dosent ved universitetet i Hrodna frå 1978 til 1980 og igjen frå 1984 til 1990. Då gjekk han òg inn i lokalpolitikken. Frå 1990 til 1996 var han vise-borgarmeister i byen, med ansvar for mellom anna utdanning, helse og kultur.

Rikspolitikk[endre | endre wikiteksten]

I 2001 var han stabssjef for Siamjon Domasj, ein av opposisjonsleiarane som stilte som kandidat ved presidentvalet i 2001. I 2005 vart det gjort mykje arbeid for å samla opposisjonen i Belarus om ein kandidat som kunne utfordra det diktatoriske styret til president Lukasjenka ved neste presidentval. 2. oktober 2005 møttest 900 delegatar frå mange opposisjonsrørsler i Minsk for å velja ein slik kandidat, og valet fall på Milinkevitsj. Det var òg to andre motkandidatar til Lukasjenka, men Milinkevitsj sitt kandidatur vart likevel støtta av størstedelen av opposisjonsrørsler i landet. Valet vart heldt den 19. mars 2006. Dei siste vala som har blitt heldt i Belarus har ikkje blitt godkjent som frie og rettferdige av OSSE sine valobservatørar, og ein rekna heller ikkje med at valet i 2006 ville bli det. Milinkevitsj hadde difor fleire møte med vestlege politikarar, mellom anna den tyske forbundskanslaren Angela Merkel, den polske statsministeren og den franske utanriksministeren, for å retta merksemd mot situasjonen i Belarus og få støtte. Etter valet leia Milinkevitsj demonstrasjonane mot gjennomføringa av valet og det offisielle valresultatet. Han reiste òg til Noreg i april, og møtte mellom anna statsminister Jens Stoltenberg. 26. april 2006 vart han arrestert under ein demonstrasjon i Minsk og dømd til 15 dagars fengsel.

Ved presidentvalet i 2010 stilte han ikkje som kandidat, men støtta kandidaturet til Ryhor Kastusiow.

I 2012 vart han nekta å stilla som kandidat ved parlamentsvalet i Belarus. I 2014 uttalte han at han kunne koma til å stilla som presidentkandidat igjen i 2015, men ville føretrekkja å støtta ein yngre opposisjonskandidat.

Milinkevitsj har ei sterk interesse for historie. I ti år var han ansvarleg for eit historieprogram på fjernsynet i Hrodna. Han er gift og har to søner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Valkampside på engelsk, fransk, russisk og belarusisk.