Alkekonge
| Alkekonge | ||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Underrekkje: | Vertebrata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Charadriiformes | |
| Familie: | Alcidae | |
| Slekt: | Alle | |
| Art: | A. alle | |
| Vitskapleg namn | ||
| Alle alle
(Linnaeus, 1758)
|
||
| Alkekonge, sjøkonge | |
| Namn på andre språk | |
|---|---|
| Svensk | Alkekung |
| Dansk | Søkonge |
| Engelsk | Little Auk, Dovekie |
| Tysk | Krabbentaucher |
| Fransk | Mergule nain |
| Spansk | Mérgulo atlántico |
| Russisk | Ljurik (Люрик) |
Alkekonge er ein fugleart i alkefamilien.
Innhaldsliste |
[endre] Utsjånad
Alkekongen er den minste av alkefuglane, og det einaste medlemen i si fugleslekt. Han vert 19-21 cm lang med eit vengespenn på 34-38 cm. Vaksne fuglar er svarte på hovud, nakke, rygg og vengar, med kvite undersider. Stjerten er liten, avrunda og svart. Nedre delen av ansiktet og sidene på halsen vert kvite i vinterdrakta. Nebben er kort og butt. Flukta er direkte, med kjappe svirrande vengeslag på grunn av dei korte vengane.
[endre] Læte
Alkekongane kjem med eit utval av kvitring og kallerop i hekkekoloniane. På sjøen er dei stille.
[endre] Utbreiing og taksonomi
Fuglen hekkar i Arktis. Der er to underartar:
- A. a. alle hekkar på Grønland, Island, Spitsbergen og Novaja Zemlja.
- A. a. polaris hekkar på Franz Josef Land.
[endre] Førekomst i Noreg
Alkekongen hekkar ikkje langs fastlandet, men er ein vanleg vintergjest langs kysten i nord, meir spreidd i sør.
[endre] Hekking og levevis
Alkekongane hekkar i store koloniar i fjellsider ved kysten. Paret legg 1 egg i sprekker og under steinar. Polarmåse og polarrev er dei viktigaste fiendane, men også isbjørnen kan forsyne seg av egga i hekkekoloniane.
[endre] Føde
Fuglane finn maten når dei dukkar i sjøen. Maten er hovudsakleg krepsdyr, i tillegg hoppekreps, virvellause dyr og små fisk. Ved hekkeplassane samlar fuglane seg i svermar både når dei skal ut på sjøen og når dei vender tilbake.
[endre] Trekktilhøve
Mot vinteren dreg fuglane sørover og overvintrar langt nord i Atlanterhavet. Stormar kan blåse fuglane lengre mot sør enn der dei normalt overvintrar.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Little Auk» frå Wikipedia på engelsk, den 15. januar 2011.