Alke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Alker)
Gå til: navigering, søk
Alke

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU Sårbar

Alke.jpg

Systematikk
Rike: Animalia
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Alcidae
Slekt: Alca
Art: A. torda
Vitskapleg namn
Alca torda
Alke
Namn på andre språk
Norrønt Alka
Nordsamisk Leahttospálfu
Svensk Tordmule
Dansk Alk
Engelsk Razorbill
Tysk Tordalk
Fransk Petit Pingouin
Spansk Alca, alca común
Russisk Gagarka (Гагарка)

Alke (Alca torda) er ein sjøfugl i alkefamilien. Fuglen har svart og kvit fjørdrakt. Nebbet, hovudet, vengjene og ryggen er svart.

Alke og lomvi på fugleøya Runde.

Innhaldsliste

[endre] Utbreiing

Fuglen hekkar spreidd langs vestkysten av Nord-Atlanteren sør til Maine, på Grønland, Island, Jan Mayen og Bjørnøya. Langs austkysten av Atlanterhavet hekkar alke frå det nordlege Frankrike i sør og nordaustover til Kolahalvøya. I Noreg hekkar fuglen i fuglefjella frå Møre og nordover.

[endre] Levemåte

Alke legg egg rett på bakken. Fuglen legg eitt egg og rugar det i 35 dagar. Arten har likevel to rugeflekkar. Ungane har kraftig dundrakt. Dei er velutvikla når dei vert klekte. Han vert mata med småfisk som foreldra ber på tvers i nebbet. Fuglane hekkar ikkje før dei er fleire år gamle.

[endre] Trekktilhøve

Etter hekketida dreg alkene langt vekk frå koloniane. Norskhekkande alker ser ut til å halde seg sør på Vestlandet om vinteren, og i Skagerrak og Nordsjøen, men sume vintrar er store flokkar observert i fjordar i Nord-Noreg.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Alke
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk