Allé

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bygdøy allé i Oslo

Ein allé er ei gate eller veg med ei rekkje av tre på båe sider. Døme på ein allé kan vere Bygdøy allé i Oslo eller Unter den Linden («under lindetrea») i Berlin i Tyskland.

Opphavleg vart alléane planta for å gi skydd og skugge til dei som ferdast på vegen. I dag er ein allé først og fremst eit vakkert innslag i landskaps- eller bybildet. Men langs sterkt trafikkerte vegar kan trea føre til trafikkfare ved å hindre sikta i inn- og utkøyringar.