All My Loving
| «All My Loving» Singel av The Beatles frå albumet With the Beatles |
||
| B-side | «I Wanna Be Your Man» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 1964 | |
| Innspelt | 30. juli 1963 | |
| Selskap | Electrola (006-06 110) | |
| Låtskrivar(ar) | John Lennon og Paul McCartney | |
| Produsent | George Martin | |
«All My Loving» er ein song av The Beatles, skrive av Paul McCartney, men tilskrive Lennon/McCartney, frå albumet deira With the Beatles frå 1963.
Det var ein av få gonger der McCartney skreiv teksten før musikken og vart skrive ned som eit dikt medan han barberte seg.[1] McCartney såg han først som ein country-song og musikken vart skrive bak scenen på eit piano då The Beatles turnerte med Roy Orbison og George Harrison la på Nashville-aktig gitarsolo på innspelinga.[2] «All My Loving» fekk god kritikk og vart mykje spelt på radio.[3] Songen vart spelt som opningsnummer på den kjende debutframføringa deira på amerikansk fjernsyn på The Ed Sullivan Show den 9. februar 1964.
The Beatles spelte inn songen 30. juli 1963 i løpet av 11 forsøk med tre overdubbingar. Versjonen som vart gjeve ut er forsøk 14 lagt oppå forsøk 11. Songen vart gjeve ut på singel i Skandinavia og gjekk heilt til topps i Finland. I Noreg stoppa singelen på andreplass, bak Wenche Myhre og «La meg være ung», og låg inne på Topp 10 i 14 veker.
[endre] Andre utgåver
|
All my loving, I will send to you, Paul McCartney
|
Songen har vorte spelt av mellom anna Helloween, Me First and the Gimme Gimmes, Los Manolos og Herb Alpert & the Tijuana Brass
Ein heavy metal-versjon av songen vart spelt inn av Beatallica som «...And Justice For All My Loving».
[endre] Medverkande
- Paul McCartney – bass, solovokal
- John Lennon – rytmegitar, harmonivokal
- George Harrison – sologitar, harmonivokal
- Ringo Starr – trommer.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «All My Loving» frå Wikipedia på engelsk, den 3. oktober 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Bill Harry, The Ultimate Beatles Encyclopedia, s. 18
- ↑ Paul McCartney, Many Years From Now, s. 148
- ↑ Ian MacDonald (1998) Revolution in the Head, s. 83 – Pimlico, London. ISBN 0-7126-6697-4.