All Saints

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
All Saints

OpphavLondon, England
Aktiv1993-2001, 2006-2009
SjangerPop, R&B, elektronika, dance
PlateselskapZTT Records, London Records, Parlophone
MedlemmerShaznay Lewis
Melanie Blatt
Nicole Appleton
Natalie Appleton
Simone Rainford (avdød)
PrisarMTV Europe Music Award for Best Pop, MTV Europe Music Award for Best New Act

All Saints var ei britisk-kanadisk jentegruppe som var svært populær på 1990-talet. Popgruppa bestod av både kvite og farga medlemmer og er særleg kjend for hit-songane «Never Ever» og «Pure Shores».

Bandhistorie[endre | endre wikiteksten]

Under oppstarten heitte bandet All Saints 1.9.7.5. og bestod fyrst av Melanie Blatt, Shaznay Lewis og Simone Rainford, alle frå England. Trioen gav ut nokre singlar saman på ZTT Records, men etter at Rainford forlét bandet i 1995, miste dei to andre kontrakten med plateselskapet. Melanie Blatt og Shaznay Lewis leitte no etter ein erstatning for Rainford, og med hjelp frå far til Melanie, oppdaga dei systrene Nicole og Natalie Appleton frå Canada. All Saints var no etablert.

All Saints[endre | endre wikiteksten]

Shaznay Lewis, det einaste farga medlemmet i kvartetten, skreiv dei fleste av songane for gruppa. I 1996 spelte All Saints inn ein demo som vart send til plateselskapet London Records. Demoen var nok til å skaffa gruppa ein platekontrakt. Året etter gav gruppa ut singelen «I Know Where It's At», som kom opp på ein fjerdeplass på den britiske singellista. Men gruppa fekk stor internasjonal merksemd då «Never Ever» kom ut i november 1997. Songen var påverka av R&B og soul og handla om spørsmåla ein kan stilla seg sjølv om kva ein gjorde feil, etter at eit forhold har tatt slutt. Singelen kom på fyrsteplass både i Storbritannia og Australia. «Never Ever» vart seld i 1,2 millionar i eksemplar i Storbritannia og er med det den mest selde singelen i Storbritannia frå ei rein jentegruppe nokonsinne. Under BRIT Awards 1998 vann «Never Ever» prisen for både beste britiske singel og beste britiske musikkvideo.

Same månaden gav All Saints ut det sjølvtitla debutalbumet sitt som det vart seld meir enn 1,5 millionar eksemplar i Storbritannia. I mai 1998 gav dei ut ein tredje singel frå albumet; ein dobbelsingel med coverversjonar av «Lady Marmalade» og «Under the Bridge». Også denne kom på fyrsteplass på den britiske hitlista. Albumet All Saints kom også ut i ny versjon i mai. I august same året kom singelen «Bootie Call», og i november, «War of Nerves».

Pure Shores og Sinners and Saints[endre | endre wikiteksten]

All Saints vart bedt om å produsera ein song for Leonardo DiCaprio-filmen The Beach, som kom ut i 2000. Resultatet vart «Pure Shores», som vart skriven i samarbeid mellom Shaznay Lewis og William Orbit. Singelen kom offisielt ut i februar, og inneheldt element frå pop og ambient-musikk. Teksten handla om å finna ein stad å slappa av, ein stad ein kan kalla sin eigen, og fekk mykje god kritikk for å vera ein avslappande song med gode vokalar. «Pure Shores» kom på fyrste plass i Storbritannia og selde svært godt i heile Europa. All Saints framførte songen på MTV Europe Music Awards same året og vann Ivor Novello-prisen for han.

Melanie Blatt, Natalie og Nicole Appleton forsøkte seg òg som skodespelarar same året. Dei spelte i den svarte komedien Honest med David A. Stewart frå Eurythmics som regissør. Filmen vart allment slakta for dårleg skodespel og vart mest kjend for topplause scener med Appleton-systrene. Ein kritikar skreiv: «Dette er siste sort av søppel, av typen som gjer deg sint for at du nettopp kasta vekk 105 minutt av livet ditt.»

I oktober 2000 gav All Saints ut ein ny singel: «Black Coffee». Denne kom som ein forsmak på andrealbumet Sinners and Saints. «Black Coffee» skulle bli den femte og siste singelen som vart nummer ein på den britiske singellista. Albumet vart selt i over 600 000 kopiar, men det vart berre produsert éin annan singel frå denne plata: «All Hooked Up» frå januar 2001.

Studio 1[endre | endre wikiteksten]

I februar 2001 kunngjorde All Saints at gruppa ville ta ein pause, og Melanie Blatt uttalte seinare at det var uvisst om medlemmene ville koma saman att. Samleplata All Hits vart gitt ut i november same året. I 2006 vart det kjent at All Saints hadde skrive under på ein ny platekontrakt med Parlophone Records. Singelen «Rock Steady» kom ut i november, kort tid før det nye albumet Studio 1. Men All Saints hadde ikkje den same suksessen som før, og selde ikkje meir enn 60 000 eksemplar av albumet. Dei gav likevel ut singelen «Chick Fit» i februar 2007. All Saints har ikkje vore aktive etter dette, men gav ut ei ny samleplate i 2010: Pure Shores: The Very Best of All Saints.

Solokarrierar og privatliv[endre | endre wikiteksten]

Melanie Blatt vart den fyrste av medlemmene til å starta på ein solokarriere. Ho har gitt ut fleire solosinglar, og har mellom anna samarbeidd med musikkgruppa Artful Dodger, men har enno ikkje gjeve ut noko debutalbum. Ein av singlane hennar, «See Me», vart brukt i animasjonsfilmen Robotene (2005). I 2013 er ho ein av jurydommarane i New Zealand sin versjon av X Factor. Ho har ei dotter saman med bassisten Stuart Zender, men dei skilde lag i 2006.

Natalie og Nicole Appleton starta sin eigen duo, Appleton, og fekk platekontrakt med Polydor. Duoen gav ut eitt album, Everything's Eventual frå 2003, noko som resulterte i fleire singlar. Systrene har elles vorte brukt i forskjellige fjernsynsprogram. Nicole Appleton var i eit forhold med Robbie Williams på 1990-talet, men er i dag gift med Liam Gallagher frå Oasis. Dei har ein son i lag. Systera Natalie Appleton er gift for andre gong, med Liam Howlett frå The Prodigy, og har eitt barn frå kvart av ekteskapa sine.

Shaznay Lewis gav ut soloalbumet Open i 2004, i tillegg til fleire singlar. Ho har hatt små skodespelarroller i filmane Bend It Like Beckham og Hideous Man. I tillegg har ho skrive låtar for andre artistar, m.a. Westlife, Mutya Keisha Siobhan (frå Sugababes) og Stooshe. Stooshe-hiten «Black Heart» frå 2012 er delvis skriven av henne. Shaznay Lewis er gift og har to born.

Den siste opphavlege medlemmen i All Saints 1.9.7.5., Simone Rainford, døydde brått av nyrekreft den 25. mai 2013, berre 38 år gamal.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • All Saints (London Records, 1997)
  • The Remix Album (London Records, 1998)
  • Maximum All Saints Live, (Chrome Dreams, 1999)
  • Saints & Sinners (London Records, 2000)
  • All Hits (London Records, 2001)
  • Studio 1 (Parlophone Records, 2006)
  • Pure Shores: The Very Best of All Saints (Parlophone Records, 2010)

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «I Know Where It's At» (1997)
  • «Never Ever» (1997)
  • «Under the Bridge» / «Lady Marmalade» (1998)
  • «Bootie Call» (1998)
  • «War of Nerves» (1998)
  • «Pure Shores» (2000)
  • «Black Coffee» (2000)
  • «All Hooked Up» (2001)
  • «Rock Steady» (2006)
  • «Chick Fit» (2007)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Desse sidene er i mindre grad brukt som kjelder: Melanie Blatt, Shaznay Lewis, Nicole Appleton, Natalie Appleton, Never Ever (All Saints Song), Pure Shores og All Saints discography, alle frå engelsk wikipedia, 5. august 2013.