All You Need is Love

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
All You Need is Love
singel av The Beatles
frå albumet Magical Mystery Tour
B-side «Baby You're a Rich Man»
Utgjeve 7. juli 1967
Innspelt Abbey Road Studios 25. juni 1967
Sjanger Pop
Rock
Lengd 3:47
Selskap Parlophone, Capitol
Låtskrivar(ar) Lennon/McCartney
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi
«Strawberry Fields Forever» /«Penny Lane»
(1966)
All You Need is Love «Hello Goodbye»
(1967)

«All You Need is Love» er ein song skriven av John Lennon og tilskriven Lennon/McCartney. Han vart først spelt inn av The BeatlesOur World, den første direkte globale fjernsynssendinga. Sendinga gjekk til 26 land og vart sett av 400 millionar menneske. Programmet vart sendt via satellitt den 25. juni 1967. BBC hadde bede the Beatles om å skrive ein song som Storbritannia sitt bidrag til hendinga. Musikkmagasinet Rolling Stone rangerte songen på 362. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.

Innhaldsliste

[endre] Utgjeving

Beatles vart bede om å lage ein song som inneheldt ei enkel melding som alle nasjonalitetar kunne forstå, og Lennon sin «All You Need is Love» tok meldinga han først prøvde å kome med i songen «The Word» på Rubber Soul i 1965 eit steg vidare.

The Beatles valde songen som den neste singelen sin og han kom ut dagen før Our World-sendinga. I Storbritannia kom han ut 7. juli og gjekk direkte til topps på salslista, der han låg i tre veker. I USA skjedde det same. Her vart songen òg gjeve ut på LP-utgåva av albumet Magical Mystery Tour i november.[1]

Songen var den siste som vart innspelt og gjeve ut før manageren Brian Epstein døydde 27. august 1967.

[endre] TV-sendinga

Under sendinga sat the Beatles (bortsett frå Ringo) på krakkar, i lag med eit lite studioorkester. Rundt dei sat vener og kjende på golvet og song med på refrenget, mellom anna Mick Jagger og Kim McLagan.

[endre] Struktur

På grunn av den verdsomspennande sendinga skulle songen få ei internasjonal kjensle. Han opna med den franske nasjonalsongen «La Marseillaise» og inneheld delar av andre stykke under den lange avsluttinga, mellom anna eit stykke av Johann Sebastian Bach, «Greensleeves», «In the Mood» av Glenn Miller, ein av dei største hittane til the Beatles, «She Loves You», og «Prince of Denmark's March» av Jeremiah Clarke.

Songstrukturen er innvikla. Hovuddelen av songen (verset) er i ein uvanleg 7/4 takt med to takter 7/4, ein 8/4 takt, så tilbake til 7/4 medan korvokalen i introduksjonen repeterer «Love, love, love» over teksten til Lennon:

« There's nothing you can do that can't be done
Nothing you can sing that can't be sung
Nothing you can say but you can learn how to play the game
It's easy
 »

I motsetning er refrenget enkelt: «All you need is love» i 4/4 takt, bortsett frå at kvart refreng berre har sju takter, i motsetnad til dei vanlege åtte, og den sjuande er i 6/4, takt, før ein går tilbake til versa i 7/4.

«All You Need Is Love» er i lag med Pink Floyd sin «Money» frå 1973 den einaste songen i 7/4-takt som har gått inn på Topp 20 på i USA.

[endre] Medverkande

  • John Lennon: solo- og korvokal, cembalo og banjo.
  • Paul McCartney: bass, kontrabass og korvokal
  • George Harrison: sologitar, fiolin og korvokal
  • Ringo Starr: trommer og perkusjon
  • George Martin: piano, instrumentering og produksjon.
  • Studiomusikarar spelte strykarar, blåsarar, treblåseinstrument og trekkspel dirigert av Mike Vickers.
  • Vener og folk i studio klappa i hender og medverka i koret på refrenget.[2]

[endre] Andre utgåver

Mange artistar har spelt inn sine versjonar av songen, anten på plate eller på konsertar. Av desse finn ein mellom anna

[endre] Kjelder

  1. The Beatles Bible: All You Need Is Love. Vitja 8. februar 2009.
  2. Mark Lewisohn, The Complete Recordings Sessions. The Official Abbey Road Years (1962–1970)


Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk