All the Madmen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
All the Madmen
Song av
frå albumet The Man Who Sold the World
Utgjeve 4. november 1970 (USA)
April 1971 (UK)
Innspelt Trident og Advision Studios, London
18. april - 22. mai 1970
Sjanger Hardrock
Lengd 5:38
Selskap Mercury Records
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Tony Visconti

«All the Madmen» er ein song skriven av David Bowie i 1970 for albumet The Man Who Sold the World, gjeven ut i november i USA og april 1971 i Storbritannia. Songen er ein av fleire på albumet som omhandlar galskap, og har vorte skildra for å skildre ei verd med «så stor mangel på fornuft at dei siste vettige folka er dei som held til på sinnsjukehus.»[1]

Musikk og tekst[endre | endre wikiteksten]

Songen opnar med akustisk gitar og blokkfløyte, og skaper ein atmosfære som Bowie-biografen David Buckley skildra som «barneliknande galskap»,[2] før han vert omforma til ein tung rockesong med elektrisk gitar av Mick Ronson og Moog synthesizer. Han endar med setninga «Zane zane zane, ouvrez le chien». Den siste setninga tyder «opne hunden» på fransk og syner til ei setning i Also sprach Zarathustra: «Thy wild dogs want liberty; they bark for joy in their cellar when thy spirit endeavoureth to open all prison doors.»[3]

Produksjonen av songen gjorde nytte av varispeed-vokal, som Bowie først hadde nytta for komisk effekt på «The Laughing Gnome» i 1967. Bowie har sagt at songen var skriven for og om halvbroren Terry, som var schizofren og innlagt på Cane Hill mentalsjukehus (avbileta på det originale amerikanske omslaget til The Man Who Sold the World) før han tok sjølvmord i 1985.[4] Teksten inneheld referansar til lobotomi, det beroligande middelet Librium og EST, eller elektrosjokkbehandling, ein kontroversiell behanding for somme typar djup depresjon og mentale sjukdommar.

Utgjeving og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Songen var det andre sporet på The Man Who Sold the World og vart gjeven ut av Mercury Records i editert form som ein promosingel (med same song på begge sider av plata) i USA i desember 1970, før turneen til Bowie starta der tidleg i 1971.[4] Ei offisiell utgjeving som singel med «Janine» frå det førre albumet hans Space Oddity som B-side var planlagt, men skrinlagd.[5] I juni 1973 gav RCA Records, som hadde gjeve ut albumet på ny året før, «All the Madmen» som singel i Aust-Europa, med «Soul Love» frå The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars som B-side.

Bowie spelte songen på turneen Glass Spider i 1987, men han kom ikkje med på videoutgjevinga frå konsertane.[4] I lag med «After All», frå same albumet, har det «gotiske melodramaet» i «All the Madmen» vorte sagt å ha hatt stor innverknad på band som Siouxsie and the Banshees, The Cure og Nine Inch Nails.[2]

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til singelen i Aust-Europa i 1973, kom songen ut på den russiske samleplata Starman i 1989.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Alien Sex FiendGoth Oddity - A Tribute to David Bowie. Ein remix kalla «Padded Cell mix».
  • Jeannie LewisTill Time Brings Change (1980)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.38
  2. 2,0 2,1 David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.99-102
  3. http://nietzsche.thefreelibrary.com/Thus-Spake-Zarathustra/10-1
  4. 4,0 4,1 4,2 Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.22
  5. "All the Madmen" at Illustrated db Diskografi