All the Roadrunning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
All the Roadrunning
Studioalbum av Mark Knopfler og Emmylou Harris
Språk engelsk
Utgjeve 24. april 2006
Innspelt 1998–2005
Sjanger Countryrock
Lengd 50:29
Selskap Mercury, Universal Music, Warner Bros. (USA)
Produsent Mark Knopfler, Chuck Ainlay
Mark Knopfler-kronologi 
Private Investigations
(2005)
All the Roadrunning Real Live Roadrunning
(2006)
Emmylou Harris-kronologi
The Very Best of Emmylou Harris: Heartaches & Highways
(2005)
All the Roadrunning Real Live Roadrunning
(2006)


All the Roadrunning er eit samarbeidsalbum mellom den britike musikaren Mark Knopfler og den amerikanske songaren Emmylou Harris, gjeve ut 24. april 2006 av Mercury Records og Universal Music internasjonalt, og av Warner Bros. Records i USA. Albumet fekk generelt god kritikk,[1] og nådde toppen av albumlista i Danmark, Noreg og Sveits. Albumet nådde åttandeplassen i Storbritannia og 17. plassen på Billboard 200 i USA.[2] «This Is Us» vart gjeven ut som den første singelen, etterfølgd av «Beachcombing». Albumet kom som følgje av eit langvarig samarbeid mellom dei to artistane. I løpet av sju år vart songane spelt inn av paret utan at mange visste om prosjektet. Eit konsertalbum, Real Live Roadrunning, vart gjeve ut etter All the Roadrunning-turneen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Mark Knopfler og Emmylou Harris hadde begge samarbeidd med mange andre artistar. I tillegg til sine 23 soloalbum og tre samarbeidsalbum med Dolly Parton og Linda Ronstadt, har Harris spelt inn mange duettar og sunge korvokal for mange artistar i generasjonen hennar, som The Band, Garth Brooks, Johnny Cash, John Denver, Bob Dylan, George Jones, Lyle Lovett, Bill Monroe, Roy Orbison, Gram Parsons, Tammy Wynette og Neil Young.[3] Knopfler har òg vore involvert i mange samarbeidsprosjekt, som med Chet Atkins, George Jones, Van Morrison og James Taylor, og produsert album for Willy DeVille, Bob Dylan, Bap Kennedy og Randy Newman, og spelt gitar for mange andre artistar, som Clint Black, The Chieftains, Eric Clapton, Phil Everly, Waylon Jennings, B.B. King, Kris Kristofferson, Sonny Landreth, Kate og Anna McGarrigle, Cliff Richard, Sting, Tina Turner, Steely Dan og Jimmy Webb.[4] Begge delte ein kjærleik til country og var fan av ein av dei store countrygitarheltane, Chet Atkins. I 1990 gav Atkins og Knopfler ut albumet Neck and Neck lag. Knopfler og Harris møtte første gongen då dei deltok i eit fjernsynsprogram med Chet Atkins i 1987. Dei heldt kontakten og kring ti år seinare i Nasjville, spelte Knopfler nokre av songane sine for Harris, og ideen om å spele i lag kom til.[5]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

All the Roadrunning vart spelt inn sporadisk over ein sjuårsperiode. To av songane, den Cajun-aktige «Red Staggerwing» og den akustiske balladen «Donkey Town», var opphavleg planlagt som ein del av soloalbumet til Knopfler, Sailing to Philadelphia, frå 2000. Under ei innspeling i Nashville i 1998 spelte Knopfler og Harris inn dei to songane med Harris på vokal.[5] Studio gav ideen om å lage eit album i lag. Harris sa seinare: «Når du kombinerer to unike stemmer skapar det ei tredje fantomstemme... eg elskar den tredje stemma som Mark og eg skapar. Me merker det med ein gong at stemmene vore blandar seg på vakkert vis leikande lett».[5] Seinare innspelingar fann stad i 2002 og 2004, og paret spelte inn songar frå grunnen av, med nokre av dei beste studiomusikarane i Nashville. Duetalbumet deira vart avbroten av individuelle soloprosjekt, Harris sitt Stumble into Grace i 2003 og Knopfler sitt Shangri-La i 2004, med tilhøyrande turnear.[5]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

«If This Is Goodbye» er basert på den siste telefonsamtalen til ei kvinne fanga i World Trade Center den 11. september.[6]

Turné[endre | endre wikiteksten]

Knopfler og Harris la ut på turné i lag etter All the Roadrunning i Europa og Nord-Amerika. Turneen starta den 26. mai 2006 i Brussel i Belgia og omfatta 23 konsertar i 23 byar, og enda i Berkeley i California den 30. juni 2006.[7] Besetninga på turneen var Mark Knopfler (gitar, vokal), Emmylou Harris (gitar, vokal), Guy Fletcher (klaverinstrument), Richard Bennett (gitar), Stuart Duncan (fele, mandolin), Matt Rollings (klaverinstrument), Glenn Worf (bass) og Danny Cummings (trommer). Konserten den28. juni 2006 i Gibson Amphitheatre i Los Angeles vart spelt inn og gjeven ut som ei konsertalbum og DVD i Real Live Roadrunning, den 14. november 2006 av Mercury Records og Universal Music internasjonalt, og av Warner Bros. Records i USA.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic63/100 [1]
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars[8]
Entertainment WeeklyB−[9]
Music Box4/5 stars[10]
Rolling Stone3/5 stars[11]
The TelegraphPositive[12]
Winnipeg Sun4/5 stars[13]

I meldinga si for Winnipeg Sun gav Darryl Sterdan albumet fire av fem stjerner, og kalla samarbeidet «ein himmelsk match».[13] Sterdan skreiv:

« Den første tanken er at den Dylanske brumminga til Mark Knopfler og engelstemma til Emmylou Harris ville vere som «skjønnheten og udyret». Men vi er glad for å kunne sei at dette merkelege paret lagar seriøst vakker musikk i lag på All the Roadrunning. Dette er ikkje noko nytt for Emmylou, som har sunge med nesten alle dei viktige countryartistane dei siste 30 åra og aldri mislukkast i å la dei skine litt ekstra. Men ein stor del av æra her skal Knopfler ha. Han er den dominerande krafta på plata, og er medprodusent og låtskrivar på alle utan om ein av songane.[13] »

I meldinga si for The Telegraph skreiv Neil McCormick at Knopfler og Harris spelte inn eit «merkverdig nytt album» som er ei «samling av rike, modne songar som reflekterer over livserfaringane deira», og er «eit av dei beste albuma i begge sine karrierer».[12]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Mark Knopfler, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLengd
1.«Beachcombing»4:14
2.«I Dug Up a Diamond»3:38
3.«This Is Us»4:39
4.«Red Staggerwing»3:03
5.«Rollin' On»4:14
6.«Love and Happiness» (Emmylou Harris, Kimmie Rhodes)4:22
7.«Right Now»3:33
8.«Donkey Town»5:42
9.«Belle Starr» (Emmylou Harris)3:06
10.«Beyond My Wildest Dreams»4:25
11.«All the Roadrunning»4:49
12.«If This Is Goodbye»4:44
Total lengd:50:29

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikk
Produksjon
  • Mark Knopfler – produsent
  • Chuck Ainlay – produsent, lydteknikar, miksing
  • Guy Fletcher – lydteknikar
  • Mark Kapps – lydteknikar (horn)
  • John Saylor – assisterande lydteknikar
  • Mark Ralston – assisterande lydteknikar
  • Rupert Coulson – mikseassistant
  • Graham Meek – teknisk støtte
  • Fabio Iovino – fotografi

Lister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Liste (2006) Plassering
Australia[2] 41
Austerrike[2] 8
Belgia[2] 5
Danmark[2] 1
Nederland[2] 3
Finland[2] 22
Frankrike[2] 17
Tyskland[2] 3
Irland[2] 25
Italia[2] 3
New Zealand[2] 19
Noreg[2] 1
Polen[2] 19
Spania Album Chart[2] 9
Sverige[2] 2
Sveits[2] 1
UK Album Chart[2] 8
US Billboard 200[2] 17
World Album Chart[2] 7

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Organisation Nivå Dato
BPI – UK Sølv 12. mami 2006
BPI – UK Gull 25. august 2006
IFPI – Sveits Gull 2006
BVMI – Tyskland Gull 2006

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «All the Roadrunning». Metacritic. Henta 20. januar 2015. 
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 2,11 2,12 2,13 2,14 2,15 2,16 2,17 2,18 2,19 «All the Roadrunning». aCharts. Henta 20. januar 2015. 
  3. «Emmylou Harris Diskografi». Discogs. Henta 29. november 2012. 
  4. «Mark Knopfler Diskography». Discogs. Henta 29. november 2012. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 McNair, James (7. april 2006). «Mark Knopfler and Emmylou Harris: Just the two of them». The Independent. Henta 20. januar 2015. 
  6. «Mark Knopfler: A Life in Songs». 28. januar 2011. 
  7. «All the Roadrunning Tour 2006». Mark Knopfler News. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 7. januar 2015. 
  8. Monger, James Christopher. All the RoadrunningAllmusic
  9. Tyrangiel, Josh (14 April 2006). «Music Review: All the Roadrunning (2006)». Entertainment Weekly. Arkivert frå originalen 21. oktober 2012. Henta 28. november 2012. 
  10. Music Box,. mai 2006
  11. Rolling Stone, 18. april 2006, arkivert frå originalen 26. april 2006, henta 21. januar 2015 
  12. 12,0 12,1 McCormick, Neil (22. april 2006). «Ballad of the gitar hero and the country queen». The Telegraph. Henta 20. januar 2015. 
  13. 13,0 13,1 13,2 Sterdan, Darryl (2006). «Knopfler, Harris make a beautiful team». Winnipeg Sun. Henta 20. januar 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Føregangar
Stadium Arcadium
Red Hot Chili Peppers
Toppen av VG-lista
Mark Knopfler

1, veke 21–2006
Etterfylgjar
We Shall Overcome - The Seeger Sessions
Bruce Springsteen
Føregangar
We Shall Overcome - The Seeger Sessions
Bruce Springsteen
Toppen av VG-lista
Mark Knopfler

1, veke 23–2006
Etterfylgjar
We Shall Overcome - The Seeger Sessions
Bruce Springsteen