Allahu akbar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For den libyske nasjonalsongen, sjå songen Allahu akbar.
«Allahu akbar» med arabisk kalligrafi på eit skilt i Jerusalem.

Allahu akbar (ar. الله أكبر) er eit arabisk uttrykk som tyder ‘Gud er størst/større’ men blir ofte omsett til ‘Gud er stor’. Frasen blir kalla takbir på arabisk. Han er eit viktig muslimsk uttrykk og symbol som blir brukt i formelle og uformelle situasjonar.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

«Allahu akbar» blir sagt av muslimar før bøner og av muezzinane i bønerop. Det er også ei utsegn som kan brukast i samband det talaren reknar som gode eller dårlege hendingar, til dømes krig, terrorhandlingar,[1] ulukker[2] eller avverging av ulukker,[3] ved opptredenar[4] eller idrettshendingar som fotballkampar[5]. Samstundes vakter strenge muslimar seg for å seia omgrepet ein urein stad, som på do eller ved ei søppelfylling.[4]

Omgrepet blir ofte utført i arabisk kalligrafi og har vore brukt på ei rekkje flagg gjennom tidene. I dag (2011) finst det på det afghanske, det irakiske og det iranske flagget. Under Den iranske revolusjonen i 1979 var «Allahu akbar» eit viktig protestsymbol som blei ropt frå hustaka om kveldane. Det vende tilbake som protestrop i samband med det omstridde presidentvalet i landet i 2009.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Allahu akbar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «- Ropte «Allahu akbar!» før han skjøt», nrk.no, 03.03.2011
  2. Laurinda Keys, «Indonesian Pilot Was Confused Before Crash», Seattle Times, September 29, 1997
  3. Etter eit mislukka forsøk på å bestiga K2 i Pakistan blei ein utsvolta Greg Mortenson helsa av beraren sin med «Allah Akbhar! Blessings to Allah you're alive!», ifølgje Mortenson, Greg, and Relin, David Oliver, ''Three cups of tea: one man's mission to fight terrorism and build nations—one school at a time'', p. 20, ISBN 0-670-03482-7. Viking. 2006. 
  4. 4,0 4,1 Daniel Engber, «God Is Still Great!», Slate Magazine, Sept. 12, 2006
  5. «- Allahu akbar!», muslimprosjektet, 30. april 2010