Allan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Allan, Alan og Alain er mannsnamn av keltisk opphav. Dei har uviss tyding, men kan vera danna som diminutiv av eit ord som tyder 'stein'. Allan har namnedag i Noreg den 8. september.

Allan og Allen er også vanlege engelske slektsnamn. Skrivemåten Alan for førenamnet er vanlegast i England, medan Allan er vanleg i Skottland og Nord-Amerika. Namnet kan også stavast Ailean på skotsk gælisk, Ailín på irsk og Alun eller Alyn på kymrisk. Al er ei kortform av namnet. Alana og Alanis er nylaga kvinnelege former av namnet.

Namnet er særleg knytt til Bretagne, der fleire adelsmenn og helgenar bar det. Det blei innført til England i tida rundt Vilhelm Erobraren.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hanks, Patrick; Hardcastle, Kate; Hodges, Flavia (2006), «Alan», A Dictionary of First Names, Oxford University Press