Allan Zavod

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Allan Zavod

Fødd16. oktober 1945
FødestadMelbourne
Død29. november 2016 (71 år)
DødsstadMelbourne
OpphavAustralia
Aktiv1972–2016
Sjangerjazz-fusion
Instrumentpiano
Tilknytte artistarGlenn Miller Orchestra, Cab Calloway, Maynard Ferguson, Woody Herman
Verka somMusikar, skodespelar
PrisarOrder of Australias medalje

Allan Zavod (16. oktober 194529. november 2016) var ein australsk pianist, komponist, jazzmusikar og stundom dirigent som hovudsakleg hadde karrieren sin i Amerika.[1]

Allan Zavod med familie.

Zavod gjekk på Melbourne Conservatorium ved University of Melbourne i 1969. Han vart oppdaga av Duke Ellington, som fekk han over til Berklee College of Music i Boston – der Zavod seinare vart professor i musikk.

Zavod spelte med mange kjende musikarar som Duke Ellington, Cab Calloway, George Benson, Eric Clapton og Frank Zappa, i tillegg til australske musikarar som James Morrison, Kate Ceberano og Judith Durham. Han spelte for dei kongelege i Storbritannia og fleire statsleiarar.

Som filmkomponist skreiv Zavod musikk for over 30 filmar, mellom anna ein film med Eric Clapton.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Allan Zavod's Website». Allanzavod.com. Henta 23. august 2014.