Allen Rocks
Allen Rocks | |||
klippe | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Ross Dependency | ||
- koordinatar | 77°33′S 169°9′E / 77.550°S 169.150°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Allen Rocks 77°33′S 169°09′E / 77.55°S 169.15°E | |||
Allen Rocks er nokre små, men markante klipper 4 km aust-nordaust for Slattery Peak i Kyle Hills på Ross Island. Klippene består av ein nunatak i midten og konturen av denne minnar om bokstaven 'A'. Ein låg rygg ligg rundt nesten heile nunataken utanom i sør. Gruppa vart namngjevne av Advisory Committee on Antarctic Names i 2000 etter Robert J. Allen frå U.S. Antarctic Resource Center i US Geological Survey (USGS) i Reston i Virginia, ein kartograf og ekspert på flyfotografi i Antarktis, som var tett involvert i kartlegginga til USGS av kontinentet, 1950–2000.[1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Allen Rocks». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 2. mars 2013.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Allen Rocks» (innhald frå Geographic Names Information System).