Allentown av Billy Joel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Allentown
Singel av Billy Joel
frå albumet The Nylon Curtain
B-side

«Elvis Presley Blvd.»

Utgjeve 1982
Innspelt 1982
Sjanger poprock, softrock
Lengd 3:48
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Billy Joel
Produsent Phil Ramone
Billy Joel-kronologi 
«Pressure»
(1982)
Allentown «Goodnight Saigon»
(1983)


«Allentown» er ein song av den amerikanske songaren Billy Joel og opningssporet på albumet The Nylon Curtain frå 1982. Songen vart gjeven ut som singel med musikkvideo. «Allentown» nådde 17. plassen på Billboard Hot 100,[1] der han låg seks veker på same plass og selde til gullplate.

Songen vart seinare gjeven ut på Greatest Hits: Volume II (1985), 2000 Years: The Millennium Concert (2000), The Essential Billy Joel (2001) og 12 Gardens Live (2006).

Då det kom ut, og særleg dei neste åra, vart «Allentown» ein hymne for den vanlege arbeidaren i Amerika, og representerte både lengselen og frustrasjonen i arbeidarklassen i Amerika seint på 1900-talet.

Tema[endre | endre wikiteksten]

Songen handlar om den fallande produksjonsindustrien i Amerika på denne tida. Meir spesifikt handlar han om det deprimerande arbeidarlivet til innbyggjarane i Allentown i Pennsylvania etter nedgangen til, og etter kvart lukkinga av, Bethlehem Steel.[1]

Rytmen ein høyrer i introen, «Hey»-delen av refrenget og slutten, minnar om lyden til valseverket som omdannar stålbarrar om til I-bjelker eller andre former. Dette gjev songen ein smak av tidleg industriell musikk, som står i kontrast til den dominerande akustiske gitaren og pianoet på resten av songen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Då Joel først starta å skrive songen, heitte han opphavleg «Levittown», etter ein by på Long Island nær Hicksville, der Joel voks opp. Han hadde skrive akkordprogresjonen og teksten til songen, men sleit med å finne eit emne for songen. Joel hadde lese om den fallande stålindustrien i Lehigh Valley, der småbyane Bethlehem og Allentown ligg. Sjølv om stålindustrien låg i Bethlehem og ikkje i Allentown, valde Joel å kalle songen «Allentown» fordi det høyrdest betre ut og var lettare å finne noko som rima på «Allentown.»[2]

Eit år etter songen vart gjeven ut sende borgarmeisteren i Allentown eit brev til Joel der han bad han om å sende nokre av inntektene sine frå songen til byen. Borgarmeisteren Joseph Daddona, som sende brevet, sa det ville nyttast til stipend for framtidige musikarar.[3] Den 20. januar 1983 vart brevet sendt til Joel og ei lokal avis skreiv ein artikkel om dette dagen etter, og siterte Daddona:

Ikkje berre ville dette vore ein flott måte å dele ein liten del av ein stor formue til andre i Allentown, men vil òg halde songen 'Allentown' og Billy Joel-legenda (som du alt har blitt her) i live.[3]

Då Joel framførte songen i Leningrad under konserten som seinare vart gjeven ut som Концерт, introduserte han songen ved å samanlikne han med situasjonen for dei unge i Sovjetunionen på den tida:

Denne songen handlar om dei unge som lever nordaust i Amerika. Liva deira er elendig fordi stålfabrikkane vert lagt ned. Dei ønskjer å kome seg bort, men dei blir verande fordi dei vart lærte opp til å tenkje at ting blir betre. Kanskje det høyres kjent ut.

Reaksjon til songen i Allentown[endre | endre wikiteksten]

Allentown i Pennsylvania, som songen er kalla opp etter, 2010

Songen vart møtt med blanda kritikk i Allentown. Somme kritiserte songen for å vere nedverdigande og full av arbeidarklasse-arketypa.[4] Men då Joel kom til albumet etter songen hadde vorte ein hit, fekk han nøkkelen til byen av borgarmeisteren, som omtalte songen som «a gritty song about a gritty city.»

Føre publikum på ein utseld konsert på Stabler Arena i nabobyen Bethlehem, skreiv People at Joel vart møtt med en fem minuttar lang ståande ovasjon då han avslutta det tredje ekstranummeret med «Allentown» Jubelen steig enno meir då Joel til slutt sa «Don't take any shit from anybody.»[5]

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Videoen, regissert av Russell Mulcahy, vart mykje sendt på MTV i 1982 og 1983. I den originale videoen var det delvis nakne menn i opninga av songen, då stålarbeidarane dusjar i garderoben sin, men desse scenane vart redigert bort av MTV.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1982) Plassering
Australia 49
Canada[6] 21
New Zealand 37
U.S. Billboard Hot 100 17
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 19
U.S. Billboard Mainstream Rock Tracks 28

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Dean, Maury (2003). Rock N' Roll Gold Rush. Algora. s. 289. ISBN 0-87586-207-1. 
  2. Len Righi (30. november 2007). «Billy Joel revisits Allentown». The Morning Call. Henta 8. august 2008. 
  3. 3,0 3,1 Associated Press (January 21, 1983). «Allentown mayor asks Joel for song royalties». Daily Collegian. 
  4. Billy Joel Biography. billyjoel.com. Henta 26. august 2014.
  5. Neuhaus, Cable. «He Sang of Their Troubles, but Grateful Citizens Say Thank You Anyway to Billy Joel». People Magazine (Vol. 19, No.1). Arkivert frå originalen 1. oktober 2008. Henta 8. juni 2008. 
  6. arkivkopi, arkivert frå originalen 23. oktober 2012, henta 30. august 2014 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]