Allianz Arena

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Allianz Arena er ein fotballstadion som ligg i den nordre delen av München i Tyskland. Dei to profesjonelle fotballklubbane i München, FC Bayern München og TSV 1860 München har spelt heimekampane sine på Allianz Arena sidan starten av 2005/2006-sesongen. Tidlegare spelte begge klubbane på Olympiastadionen i München; FC Bayern München sidan 1972 og TSV 1860 München sidan 1990-åra.

Den store sponsoren Allianz har kjøpt rettane til stadionnamnet for 30 år. Under VM i fotball 2006 var stadionet kjent under namnet FIFA World Cup Stadium Munich . Dette fordi FIFA ikkje godtek namn som er sponsa av interesser som ikkje er dei same som sine eigne. Bayern München blei også tvungne til å dekke til namnet under UEFA Champions League- og UEFA-cupkampane grunna at UEFA har same reglement. Som eit resultat av dette blir stadionet kalla Fussball Arena München når det blir spelt UEFA-organiserte kampar. Dette namnet blir derimot berre brukt formelt i til dømes kamprapportar, då TV-kommentatorar og andre berre refererer til stadionet som Allianz Arena.

Stadionet ligg i den nordre delen av Schwabing, nabobyen til München, på Fröttmaning Heath. Det er det einaste stadionet i verda som fullstendig kan endra farge på utsida.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Allianz Arena