Graslauk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Allium schoenoprasum)
Graslauk
Graslauk
Graslauk
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Påskeliljefamilien Amaryllidaceae
Underfamilie: Alliaceae Allioideae
Stamme: Allieae
Slekt: Laukslekta Allium
Art: Graslauk A. schoenoprasum
Vitskapleg namn
Allium schoenoprasum

Graslauk (Allium schoenoprasum) er ein art i laukslekta i påskeliljefamilien. Arten har ei nordleg sirkumpolar utbreiing, det vil seie at ein kan finne den rundt heile den nordlege halvkula. Innom utbreiingsområdet er arten mangeforma og det er gjort flerie forsøk på å dele arten inn i underartar og varietetar, men det har vist seg vanskeleg å skilje ut grupper med unike særtrekk.

Graslauk med blomar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Graslauk er ein fleirårig urt, med lauk og blir opp til 30 cm høg. Den er ofte nytta som staude i blomsterbed sidan den kan danne tuer. Både blad og blomsterstenglar er innhole og hårlause. Vidare er dei slanke og lyst grågrøne. Blomstrane er sekstalige, klokkeforma og om lag 1 cm lange. Fargen varierer frå raudfiolett, fiolett til lys fiolett og kan i sjeldne tilfelle vere kvit. Blomstrane sitt på enden av blomsterstengelen i ein kuleforma halvskjerm. Blomsterstanden er dekt av eit papiraktig høgblad før blomstring. Frukta er kapslar med mange frø. Blomstringa skjer i juni-juli.

Graslauk varierer i utsjånad og eit par varietetar blir tradisjonelt seld i Norden, som alvargraslauk (var. alvarense Hyl.), sibirgraslauk (var. sibiricum (L.) Hartm.), og hovudvarieteten vanleg graslauk (var. schoenoprasum).

Ein liknande art som ofte blir dyrka er kinesisk graslauk (A. tuberosum) som har ein mild smak av kvitlauk. Den har ikkje holrom inne i blada og har kvite blomstrar, og er ikkje i særskilt nært slekt med graslauken.

Brødskive med graslauk.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

På graslauk er det blada som blir nytta som krydder. Desse blir anten nytta ferske eller tørka. Blada blir klipt opp i passande lengder på nokre millimeter og blir sett til salatar, eggerøre og til ulike silderettar, og for å lage farge og smak strødd over matrettar som kokt potet og på smørbrød.

Nokre underartar og varietetar[endre | endre wikiteksten]

Inndelinga er vanskeleg sidan det finst ei lang rekke mellomformer. Det er derfor ingen endeleg strikt vitskapleg klassifikasjon, men meir eit forsøk på å systematisere materialet. Likevel veks somme innanfor eit naturleg avgrensa område.

  • A. schoenoprasum ssp. schoenoprasummatgraslauk,[1][2] framandart, tradisjonell produksjonsart og ikkje risikovurdert i Framandartslista 2018,[3], men vurdert til svært høg risiko (SE) i Framandartslista 2023[4]
    • A. schoenoprasum ssp. schoenoprasum var. alvarense Hyl. (1953) – alvargraslauk, veks på Gotland og Øland i Sverige
    • A. schoenoprasum ssp. schoenoprasum var. jurmoënse O. A. Eklund – skjærgårdsgraslauk, veks på Jurmo i Finland[5][6]
  • A. schoenoprasum ssp. boreale auct., non (L.) Celak. – sibirgraslauk,[7] heimleg frå Evenes og Harstad til Aust-Finnmark, livskraftig (LC)[1][2][8]

Sortar[endre | endre wikiteksten]

Allium schoenoprasum 'Album' med kvite blomstrar.

Mange sortar blir dyrka i hagar og i jordbruket.

  • 'Album' - er ein klonesort som har kvite blomstrar
  • 'Black Isle Blush' (D.W. Ross 1996) - har lillarosa blomstrar som mørknar sakte i midten.
  • 'Curly Mauve' har utbreiande, krølla blad.
  • 'Forescate' - er ein klone med ekstra store rosaraude blomar.
  • 'Grobi' - har store blad med ekstra sterk smak.
  • 'Grolau' - er ein sveitsisk frøsort som blir dyrka i drivhus. Korte, mørkt grøne blad og ekstra mørke blomar.
  • 'Pink Perfection' (D.W. Ross 1996) - klart rosa blomstrar som held lenge på farga.
  • 'Pralau' - har mellomstore blad med ei fin farge.
  • 'Staro' - er ein sort med ekstra grove blad.
  • 'Wallington White' (Monksilver Nursery 1992) - blomstrar er bleikrosa, nesten kvite, i kulerunde hovud, til 35 mm i diameter. Stilkane blir 35–45 cm. Veks kraftig.

Andre sorter er 'Dominant', 'Fitlau', 'Grovbladig, 'Hammenhögs Special', 'Kirdo', Mellanfin', 'Netherbyres Dwarf', 'Polycross', 'Polyvert', 'Silver Chimes', 'Vanlig' og 'Wilan'.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 215–217. 
  2. 2,0 2,1 «Artsdatabanken: Namnetre graslauk». Artsdatabanken. Henta 6. mars 2023. 
  3. «Fremmedartslista 2018: Allium schoenoprasum schoenoprasum matgrasløk». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 6. mars 2023. 
  4. «Fremmedartslista 2023: matgrasløk Allium schoenoprasum subsp. schoenoprasum». Framandartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 12. februar 2024. 
  5. http://www.luomus.fi/kasviatlas/maps.php?taxon=45163&size=0&year=2010
  6. http://www.luontoportti.com/suomi/en/kukkakasvit/chives
  7. http://nhm2.uio.no/botanisk/nbf/blyttia/1998-02_096-101.pdf Blyttia 1998
  8. «Norsk rødliste for arter 2021: Sibirgrasløk». Raudlista 2021. Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 6. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Graslauk