Sigerslauk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Allium victorialis)
Sigerslauk
Sigerslauk
Sigerslauk
Status
Status i Noreg: Framandart med potensielt høg risiko
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Påskeliljefamilien Amaryllidaceae
Underfamilie: Alliaceae Allioideae
Stamme: Allieae
Slekt: Laukslekta Allium
Art: Sigerslauk A. victorialis
Vitskapleg namn
Allium victorialis

Sigerslauk (Allium victorialis) er ein art i laukslekta i påskeliljefamilien.[1] Han veks frå fjella sørvest i Europa gjennom Alpane og Karpatane, til Kaukasus, Ural, Altajfjella, Japan og Aleutane. Han heiter òg alpinlauk, av di han oftast veks over skoggrensa.

Blomen
Sigerlaukfrø.

I Noreg er sigerslauken ei innført prydplante som sidan har etablert seg i skog og ved elveøyrer. På 1920-talet vart han funnen i hagar og ved kyrkjer i Lofoten, særleg på Vestvågøy, der han har hatt namnet amerikalauk.[2] Sigerslauken er elles funnen i Asker, Indre Hardanger og Fauske.[3] I Framandartslista 2023 er arten registrert med potensielt høg risiko (PH),[4] oppgradert frå låg risiko (LO) i 2018.[5]

Sigerslauken har vore mykje nytta i europeisk folkemedisin og var ofte tilskriven magisk kraft.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artsdatabanken: Seiersløk». Artsdatabanken. Henta 12. februar 2024. 
  2. «Flerårige løk i Norge». Arkivert frå originalen 30. april 2012. Henta 12. desember 2012. 
  3. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 1148. 
  4. «Fremmedartslista 2023: seiersløk Allium victorialis L.». Framandartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 12. februar 2024. 
  5. «Fremmedartslista 2018: Allium victorialis seiersløk». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 12. februar 2024. 
  6. Nils von Hofsten: Segerlöken, Allium victorialis i folktro och folkmedicin. Uppsala 1958