Allmenningens tragedie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kyr som beitar på Selsley Common. «Allmenningens tragedie» viser kva ein reknar med overbeiting kan føre til.

Allmenningens tragedie er eit omgrep som skildrar ein tilstand der eit felles ressursområde vert lagt under sterkare press enn det som er samfunnsøkonomisk gunstig. Dette kan til dømes skje når for mange kyr vert slept ut på beite i allmenningen, for mange reinsdyr beitar på eit område, for mange båtar vert sette inn i fisket på eit bestemt havområde og liknande. Den enkelte aktøren vil berre rekne med den fortenesta aktøren sjølv kan oppnå ved å sleppe eitt dyr til ut på beite eller sette eitt nytt fartøy inn i fangsten – ikkje den nedgangen i forteneste som andre deltakarar vil oppleve.

Ein teori for å unngå ein slik situasjon er ved å privatisere allmenningen (ressursgrunnlaget) eller ved at styresmaktene gjev påbod om avgrensingar. Det fyrste har skjedd i landbruket i fleire land, medan det siste har skjedd i fleire fiskeri og pelagisk kvalfangst. Ein tredje stig ut av tragedien er at brukarane av ressursen organiserer seg og gjev seg sjølve påbod om reguleringar av bruken. Dette er relativt vanleg for beiteressursar men svært sjeldan for fisk.

Uttrykket «tragedy of the commons» vart innført av den amerikanske økologen Garrett Hardin i 1968, men omgrepet var velkjent tidlegare, mellom anna i debatten om inngjerdinga som jordeigarane gjorde av beiteområde (enclosure) i Storbritannia. I dag vert omgrepet ofte brukt i analysar av miljø- og ressursøkonomiske spørsmål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]