Allt yr Esgair

Koordinatar: 51°54′40″N 3°16′19″W / 51.9111°N 3.2720°W / 51.9111; -3.2720
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Allt yr Esgair er ein ås i Brecon Beacons nasjonalpark i Powys, sør i Wales. Han vert ofte berre kalla 'The Allt'. Det walisiske namnet tyder «den trekledde bakken på ryggen». Åsen er 393 meter over havet på det høgaste og ligg oppfor River Usk-dalen i vest og sør. I nordaust har ein panoramautsyn over Llangorse Lake til Black Mountains.[1]

På toppen står eit åsfort som ein trur er frå jernalderen, ein av fleire i Uskdalen. Romarvegen mellom dei romerske forta CICVCIVM i Y Gaer i Brecon og Gobannium i Abergavenny går langs ryggen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ordnance Survey Explorer map OL13 'Brecon Beacons National Park: eastern area'

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Bilete frå Allt yr Esgair og omgjevnadane

51°54′40″N 3°16′19″W / 51.9111°N 3.2720°W / 51.9111; -3.2720