Allyson Felix

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Allyson Felix


Statsborgarskap USA
Fødd 18. november 1985 (38 år)
Los Angeles
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommer-OL 2004 – 200 meter damer, Friidrett under Sommer-OL 2008 – 200 meter damer, Friidrett under Sommer-OL 2008 – 4x400 meter stafett damer, Friidrett under Sommer-OL 2012 – 100 meter damer, Friidrett under Sommer-OL 2012 – 200 meter damer, Friidrett under Sommer-OL 2012 – 4x100 meter stafett damer, Friidrett under Sommer-OL 2012 – 4x400 meter stafett damer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 400 meter kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 4 × 100 meter stafett kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 4 × 400 meter stafett kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 400 meter kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 4 × 400 meter stafett kvinner

Utmerkingar

Time 100, Women of the Year

Allyson Michelle Felix (fødd 18. november 1985 i Los Angeles, California) er ein USA-amerikansk sprintar som har blitt både verdsmeister, verdsrekordhaldar og olympisk meister. Felix har vunne i alt sytten medaljar frå OL og VM, og av desse er tretten gull på 100 meter, 200 meter og stafett. Hennar personlege beste tider per november 2013 er: 100 meter på 10,89, 200 meter på 21,69 og 400 meter på 49,59.

Prestasjonar[endre | endre wikiteksten]

Allyson Felix med stafettpinnen i Daegu i 2011.
Foto: Erik van Leeuwen

Under VM i friidrett 2005 i Helsingfors vart Felix verdsmeister for fyrste gong, på 200 meter. Ho gjentok prestasjonen i Osaka i 2007, då ho også kom til topps med begge USA sine stafettlag på respektive 4 x 100 m og 4 x 400 m. Med VM i friidrett 2009 i Berlin hadde ho teke tre gull på 200 meter i tre verdsmeisterskap på rad. Denne gongen deltok ho berre med stafettlaget på 4 x 400 meter, og sikra USA nok eit stafettgull. Under VM i friidrett 2011 i Daegu vann ho bronse på 200 meter sprint, sølv på 400 meter og gull på både 4 x 100 m og 4 x 400 m stafett.

Allyson Felix OL-debuterte i 2004 i Aten og tok sølv på 200 meter og samtidig sette ny verdsrekord for juniorar. Ho vart olympisk meister for fyrste gong under sommar-OL 2008 i Beijing, då ho vann med stafettlaget på 4 x 400 meter i tillegg til å ta eit nytt olympisk sølv på 200 m.[1] London-OL i 2012 vart eit viktig OL for Felix, då ho endeleg vann ein individuell olympisk gullmedalje på 200 meter. I dei same leikane vann ho olympisk gull med dei amerikanske stafettlaga på både 4 x 100 m og 4 x 400 m. Felix vart med det den fyrste kvinna som greidde tre gull i friidrett i same OL sidan Florence Griffith-Joyner i 1988.

Vinnartida på 4 x 100 meter (40,82) som ho presterte saman med Tianna Madison, Bianca Knight og Carmelita Jeter, heldt til ny verdsrekord. Dette er gjeldande verdsrekord på distansen i november 2013.

Allyson Felix deltok på 200 meter under VM i friidrett 2013 i Moskva, men midt i finaleløpet sleit ho musklane på baksida av høgrelåret og måtte bryta. Shelly-Ann Fraser-Pryce frå Jamaica vann, medan Felix måtte berast av banen.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Allyson_Felix» i Store norske leksikon, snl.no., forfattarar: Rolf Bryhn og Tor Håkon Solheim. Henta inn 4. november 2013.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]