Almagellhorn
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Almagellhorn | |
| fjell | |
|
Almagellhorn frå Saas Fee
|
|
| Land | |
|---|---|
| Fjellkjede | Wallis-Alpane |
| høgd | 3 337 moh |
| koordinatar | |
Almagellhorn er eit 3 327 meter høgt fjell i Weissmiesmassivet i Wallis-Alpane i Sveits. Fjellet ligg på austsida av dalen Saastal, færre enn fem kilometer sør for toppen av Weissmies, og er den dominerande fjelltoppen opp for Saas-Almagell. Nord for fjellet ligg Almagellertal, i sør Furggtälli.
Greiaste vegen til topps på Almagellhorn går frå Furggstalden opp vestsida av fjellet. Turen tek om lag 3½ timar. Alternativt kan ein klive til topps frå Saas-Almagell langs vestnordvest-ryggen. Denne turen tek i kring 4½ timar.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Almagellerhorn» frå Wikipedia på tysk, den 23. mars 2010.