Almere
| Almere | |||||
|---|---|---|---|---|---|
|
|||||
| Plassering | |||||
| Styresmakter | |||||
| Land Provinsar |
Flevoland |
||||
| Grunnlagd | 1976 | ||||
| Borgarmeister | A. Jorritsma-Lebbink | ||||
| Geografi | |||||
| Flatevidd - By - Land - Vatn |
248,77 km² 130,47 km² 118,3 km² |
||||
| Innbyggjarar[1] - Totalt (2012) - folketettleik |
193 303 1 369/km² |
||||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||||
| Diverse annan informasjon | |||||
| Nettstad: www.almere.nl | |||||
Almere er ein kommune og by i Nederland i provinsen Flevoland. Kommunen grensar til Lelystad og Zeewolde.
Almere er ein av dei nyaste byane i Nederland og det første huset stod først ferdig i 1976, og Almere vart ein kommune i 1984. Han er den største kommunen i Flevoland med over 193 000 innbyggjarar og den sjuande største i Nederland. I oktober 2007 la byrådet i Almere fram planar om å utvide byen til 350 000 innbyggjarar innan 2030.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Almere ligg i IJsselmeerpolderane og landområdet skulle opphavleg nyttast til jordbruk. Etter den andre verdskrigen vart det i staden lagt fram planar om å huse nokre av innbyggjarane i den raskt veksande Amsterdam. To byar i polderane Oostelijk Flevoland og Zuidelijk Flevoland vart derfor planlagt. Byen Oostelijk Flevoland vart Lelystad, og byen Zuidelijk Flevoland vart framleis kalla Zuidweststad på dei første teikningane, men i 1970-åra fekk han namnet Almere, som var eit tidleg namn på Zuiderzee i mellomalderen der byen i dag ligg. Dei første husa i Almere var ferdig i 1976. Byen vart då framleis styrt av Openbaar Lichaam Zuidelijke IJsselmeerpolders (Z.IJ.P.), med ein Landdrost. I 1984 vart Almere offisielt ein kommune. Opphavleg var det tenkt at Almere skulle vere ein by med fleire senter, men denne planen vart skrinlagd og i staden vart nabolag som Tussen de Vaarten bygd.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Almere» frå Wikipedia på engelsk, den 16. februar 2008.
