Alnön

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alnön
øy
Alnön er ei øy utanfor Sundsvall i Bottenviken.
Land  Sverige
Län Västernorrland
Stad Bottenviken
 - koordinatar 62°24′N 17°28′E / 62.400°N 17.467°E / 62.400; 17.467
Areal 67,79 km²
Kart
Alnön
62°24′00″N 17°28′00″E / 62.4°N 17.466666666667°E / 62.4; 17.466666666667
Wikimedia Commons: Alnön

Alnön, utanfor Sundsvall i Sverige, er ei 75 km² stor øy som vart danna for 570 millionar år sidan ved vulkansk aktivitet i området. Øya er 15 km lang og 6 km brei på breiaste staden. Innbyggjartalet vinterstid er kring 7 500, på sommaren det doble. Busetnaden er ganske godt spreidd ut over øya, men har den største konsentrasjonen sin omkring brufestet i Vi, der kjøpesenter og butikkar finst. Ein stor del av folkesetnaden arbeider i Sundsvall.

På grunn av den vulkanske historia inneheld berggrunnen på Alnön fleire verdsunike mineral, der det mest kjende er alnöitt. På nordlege delen av Alnön finst fleire interessante geologiske lokalitetar og dessutan fleire fortidsleivningar som gravhaugar.

Alnöbron knyter Alnön med fastlandet. På nordlege Alnön, 2,5 km nord for Alnöbron, står Alnö gamle kyrkja og Alnö kyrkje side ved side. I tilknyting til desse ligg òg Hembygdsgården med Sågverksmuseet. Ved Stornäset ligg eit av tre naturreservat på øya og dessutan Stornäsets Vandrehjem. Her held ein òg på å byggje Alnö Golfbane. Nokre kilometer lenger nord, ved Hörningsholm, finn ein Tors lokal, det første Folkets hus på landsbygda.

På sørlege Alnön finn ein fleire fine badeviker, Bänkåsviken, Tranviken, Slädaviken, Hartungviken og Grönviken. Sommeridyllen Spikarna, eit fiskevær med sjøbodar, fiskestugor og kafé, ligg på den sørlege delen av øya. Her har Spikarnas Fiskevær verksemda si med båtturar ut i skjergarden. Dei ordnar òg charter, sightseeing, materialtransport og tek òg gjester ut til Storholmen-Kanonön.

Spikarö Kapell har gudstenester og musikkveldar om sommaren. Galleri Glasverandan ordnar musikkveldar. Restaurang Piren held hus i eit av 19 tidlegare sagbruk på Alnön som ligg i Karlsvik. Restaurantar finst òg i Tranviken og i Vindhem, som òg har ein av fire småbåthamner på Alnön.

Sagverksmonumentet, til minne om sagbrukstida år 1860 til år 1963, er plassert på torget i Alnö sentrum. I sentrum finst òg bensinstasjon, bank, post, butikkar, gatekjøkken og restaurantar. Schymbergsgården ligg på Alnön og er barndomsheimen til Hjördis Schymberg og vart donert til stiftinga i 1999 med målet om å fylle denne med song, musikk og kulturelt liv.

Om namnet[endre | endre wikiteksten]

Alnön er namnet på sjølve øya, medan genitivforma frå gammalt av er Alnö og ikkje "Alnöns". Såleis heitar forsamlinga Alnö forsamling, kyrkja heitar Alnö kyrkje, kommunedelen heitar Alnö kommunedel, og det gamle soknet heit Alnö sokn.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Fotballaget Alnö IF er frå Alnön.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]