Alnaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alnaelva i Svartdalen, ovanfor Kværner.
Foto: Helge Høifødt
Alnaelva. Biletet er teke på Alnabru.
Foto: Torstein Frogner
Alna passerer Bryn stasjon til venstre, den gule stasjonsbygningen frå 1880 til høgre. Avløpet av Austensjøvannet renn ut i forkant av dagens stasjon
Foto: Pål Giørtz
Alna i foss ved Bryn, på veg mot Svartdalen
Foto: Pål Giørtz

Alnaelva eller Alna er den lengste elva i Oslo. Ho spring ut frå Alnsjøen i Lillomarka og har stort tilsig frå Breisjøen, Steinbruvannet, Tokerudbekken og Austensjøbekken. Elva mottar dessutan avrenning frå Oslo kloakknett og ymse trafikkerte flater. Det er i dag minimalt med tilførsel av reint vatn i hovuddelen av elva og Alna endar opp i Bjørvika i indre Oslofjord som ein av dei verste forureiningskjeldene. I 1922 vart nedre del av elva lagt i kulvert frå Kværnerområdet nede i Lodalsøkket. I 1927 vart Alnsjøen drikkevasskjelde, og med dette vart vasstanden redusert. I 1948 vart kulverten gjort lengre austover slik at òg fossefalla frå Svartdalen og ned i Kværnerdumpa i Lodalen, dei såkalla Kværnerfossane, vart ført i avløp. Fram til midten av 1980-talet vart stadig meir av elva lagt under jorda.

Elvane i Oslo frå 1985[endre | endre wikiteksten]

Den 11. desember 1985 avgjorde Oslo bystyre at det ikkje lenger var lov å lukke bekkar og elvar, eller fylle att tjern og vatn, samt restriksjonar på bygging i nærleiken av desse. Den nye elvepolitikken vart ført vidare med byrådserklæringa av 2000 og byøkologisk program for 2002 - 2014 der det vart programfesta at elvane i Oslo skal reinsast og røyrlagde strekningar skal opnast der det er mogeleg. Elvebreiddene skal òg gjerast tilgjengelege og gamle kulturminne knytt til elvane skal bevarast.

Med status som den viktigaste byelva i Oslo har Alna lenge vore under uttalt prioritering. I seinare år er det arbeida målretta med opninga av Alna og stadig nye strekk vert reinsa og henta fram i lyset. Planen er å få gjenopna og reinsa heile elveløpet innan rimeleg tid slik at Alna kan renne fritt frå marka til fjorden.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Elvenamnet har endra seg både med omsyn til uttale og skrivemåte. Nedarva muntleg uttaleform er i dag Ærna med tostavings tonelag. I skriftlege kjelder finn ein former som mellom anna Alne og Elna. Fleire tradisjonelle stadnamn i kort avstand til det opphavlege elveløpet til Alna har framleis forstavinga Aln-. I Groruddalen finn ein Søndre og Nordre Alna gård samt Alnabru, òg uttalt Ærnabru. Stadnamnet Alnafet om slettelandet på søraustre side av det tidlegare elveløpet til Alna under nordskrenten av Ekebergåsen kjem av norrønt Alnarfit, der siste ledd tyder frodig grasslette. Det finst i gatenamnet Alnafetgata og Alnafetløkka. På 1800-talet vart løkkenamnet mistyda og forvanska til Ahnefeltløkken, sidan ein trudde at løkka hadde namn etter ein familie Ahnefelt. I 1866 fekk den noverande Alnafetgata namnet «Ahnefeltgaden», og i 1874 vart «Ahnefeltløkken Kirkegård» anlagt, no kalla Gamlebyen gravlund.

Etymologien vedrørande Alnanamnet er uklår. A-endinga er ikkje norrøn. I norrøn tid kan Aln ha vore namn på vassdraget. Aln kan tyde olboge, dvs. «buktning», med referanse til dei mange meandersvingane i elva gjennom Alnadalen. Seinare har a-endinga kome til slik at forma Alna vart eit faktum. Ein annan teori er at namnet skriv seg frå al, dvs. «vekse», «verte flaumdiger».

For øvrig kan namnet problematiserast ved å trekke fram at hovudkjelda til Alna både i skrift og tale ofte er vorte kalla «Alunsjøen». Denne varianten av innsjønamnet Alnsjøen må forklarast som ein kontaminasjon med bakgrunn i førekomstane av mineralet alun i nærleiken av utløpet, eller kanskje heller med Alunverket som vart anlagt for å utnytte desse førekomstane. Namnet til Alnsjøen kan ikkje ha samanheng med mineralet, sidan det ikkje finst kjente alunførekomstar i nærleiken. Oslo byleksikon fastslår at sjøen sitt rette og eigentlege namn er «Alnsjøen».

Vest i den nordvendte Ekebergskrenten, like ved utløpet til Alna i fjorden, vart det brote alunskifer til framstilling av alun alt i mellomalderen. I perioden 1738-1815 vart Ekeberg hardt skattlagd for den svarte skiferen som kunne gje det verdifulle og brukande alunsaltet. Alunskiferbrotet i Ekebergskrenten vert i dag rekna som eit teknisk og geologisk kulturminne.

Den eldste kjente skriftlege kjelda for det alternative namnet Loelva, mykje nytta gjennom seinare hundreår, finst i Norriges Beskrivelse av Peder Claussøn Friis som vart trykt i 1613. «Loelva» eller «Loen» vert hevda å vere konstruert av han for å forklare bynamnet Oslo («Loens os»). Desse litterære namneformene fekk stor utbreiing både i skrift og tale, og dei har gjeve opphav til namnet Lodalen på nedre del av Alnadalen. Men det gamle namnet Alna overlevde på folkemunne høgare oppe i Groruddalen, der avstanden til Oslo var større. Etter at det vart alminneleg kjent at Alna er det eigentlege og opphavlege namnet, nyttar ein ikkje lenger det konstruerte namnet «Loelva»

Opphavleg geografisk løp[endre | endre wikiteksten]

Etter utspringet frå Alnsjøen (237 moh.) svinga Alna seg nedover Groruddalen, Svartdalen og Lodalen. Siste etappe gjekk over Loenga, elvesletta under Ekebergåsen. Derfrå rann elva ut i Oslofjorden.

Historie knytt til Alna[endre | endre wikiteksten]

Eldre tid[endre | endre wikiteksten]

Utløpet til Alna var årestad for grunnlegginga av byen Oslo kring år 1000. Her var det lagleg å legge til med vikingskipa som hadde flat botn og kunne gå eit godt stykke opp i elveløpet. Elva var større på denne tida: Breidda ved utløpet var rundt 70 meter og vasstanden var omkring 3 meter høgare enn i dag.

Mellomalderbyen Oslo utvikla seg i første omgang på strandsletta mellom Alna og Klosterelva (Hovinbekken). Ruinane av mellom anna den gamle Kongsgården ligg i nærleiken av utløpet, delvis under NSB sin gamle lokomotivverkstad. Saxegården, som framleis eksisterer som eigedom, var av gardane som vart etablert langsmed Alna, og som hadde sjøbod i elva saman med Bispegården og andre stormannsgardar. Mot slutten av 1200-talet byrja utvidinga av Oslo å gjere seg gjeldande òg på søraustsida av Alna.

Namnet Mølleteigen viser at det tidleg vart lagt møllebruk ved Alna. Biskopen trong kraft for å male kornet han tok inn som avgift frå alt jordegodset kyrkja eigde. Berre halvannan kilometer frå bispegarden var det store fossefall, i seinare tid kjent som Kværnerfossane, som kunne gje vatn på ei kornmølle. Opphavleg låg mølla ved Kværner under Volin gård. Kornmølla er omtalt i eit gåvebrev frå hertug Håkon av Oslo, Oplandene og Færøyane. Det dreier seg om den same Håkon som i 1299 vart kong Håkon V Magnusson og som flytta hovudstaden i Noreg frå Bergen til den voksande byen ved Alnaoset.

Ved elvane var leira god, og det første teglverket med tilknyting til Alna vart anlagt nede på Øra av hertug Håkon rundt 1290, mellom anna for å skaffe teglstein til utviding av Mariakirken med to 45 meter høye vesttårn.

Frå 1500-talet vart Alna kraftkjelde for oppgangssager, og på 1700-talet var heile 10 sagbruk etablert frå Kværner til Grorud.

Industrialiseringa på 1800-talet[endre | endre wikiteksten]

Fleire brannar og flaumar førte til at mølleverksemda ved Kværner gård vart nedlagt i 1852. Nedlegginga medverka til at Oluf Adelsten Onsum i 1853 grunnla den mekaniske verkstaden Kværner Brug på den gamle tomta til Kværner aust i Lodalen. Kværner Brug (eller Kværner ASA som bedrifta heitte seinare år) heldt stand i Lodalen til 1999. I Svartdalsparken nedst i Svartdalen - like søraust for krysset Enebakkveien / Arnljot Gellines vei der Alna i dag vert ført ned i eit stort avløp - står eit minnesmerke over Kværner Brug. Minnesmerket er ein vasskraftturbin. Den gamle industribyen er OBOS i full gang med å forvandle til bustadby, Kværnerbyen.

I 1862 bygde Onsum Svendengen teglverk noko vest for Kværner Brug, det vil sei ved dagens NSB-hallar i Lodalen. På same tid vart Nygård teglverk anlagt aust for Kværnerfossane - på Etterstad.

Ved gangbrua tilknytt Bryn stasjon som vart opna i 1854, renn Austensjøbekken ut i Alna. Her går Alna i Brynsfossen. Under andre halvdel av 1800-talet voks det fram ei rekke verksemder i området rundt Bryn og Brynsfossen. Edanger bryggeri, seinare Akers Bryggeri, vart anlagt i 1880-åra. Ein mursteinsbygning med fabrikkpipe står framleis. I 1889 vart Johan Petersens lin og bommullsvarefabrikk etablert. Bedrifta produserte mellom anna senge- og dekketøy, blåtøysstoff og skjortestoff, og mottok fleire prisar for produkta sine. Med utgangspunkt i Statens vegvesen sitt nye bygg ved Brynsfossen renn Alna under den gamle fabrikken og viser kor viktig elva var som energikjelde. Det vart òg bygt tre teglverk i området på denne tida. Ettersom industrien ved fossefallet i Alna på Bryn voks, spreidde småhusbusetnaden seg frå Bryn stasjon og opp mot Skøyen (nord) og Høyenhall.

Alnaelvens venner[endre | endre wikiteksten]

Oslo Elveforum og Alnaelvas venner er ein organisasjon etablert i 1999 på initiativ frå stortingsrepresentant Lars Rise og tidlegare folkevald i Oslo, Tor Holtan-Hartwig. For Alna er medlemsorganisasjonen Alnaelvas venner danna. Formålet er å få Oslo sine gløymde elvar og bekker fram i lyset igjen. Visjonen er at Alnaelva open og naturleg vil gli frå Alnsjøen og ut gjennom den nye kunstige vasspegelen gjenskapt i tilknyting til middelalderparken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]