Alnes fyrstasjon
| Alnes fyrstasjon | ||
| Fylke | Møre og Romsdal | |
| Kommune | Giske | |
| Oppretta | 1853 | |
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Fyrtårn | ||
| Høgd | 22,5 m | |
| Form | Kvitt tårn med to raude belte. | |
| Byggjemateriale | Tre | |
| Fyrlys | ||
| Lyskarakter | To okkulterande glimt kvart 8. sekund | |
| Lyshøgd | 36 moh | |
| Lysvidde | 16,4 nm | |
| Status | ||
| Eigar | Staten | |
| Automatisert | 1982 | |
| Avfolka | 1982 | |
| Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne | |
Alnes fyrstasjon er eit fyr som ligg nord på Godøy i Giske kommune på Sunnmøre, vest for Ålesund.
Fyrstasjonen vart oppretta i 1852 og automatisert og avbemanna i 1982. Godøy er landfast med bru og tunnelsambadn til Vigra, og det går bilveg heilt fram til Alnes fyr, som er eit populært turistmål i området.
I første omgang vart det oppretta ei privat lykt på Alnestangen for at dei lokale fiskarane skulle ha eit lyssignal å gå etter under torskefisket. I starten var det tre talglys i ei lita fyrstove. Fiskarane i området skulle alle medverke til drifta av fyret, men då dette ikkje skjedde vart Staten oppmoda om å ta over drifta i 1859. Staten avviste oppmodinga og fyret vart derfor nedlagt i 1862. Borgund kommune, som Alnes då høyrde til, sende inn fleire søknadar og i 1869 vart det endeleg gjeve 250 spesidalar for ei lita fyrlykt i ei mast. Denne lykta vart seinare flytta inn i eit lite skur.
I 1874 var fyret tend frå 1. august til 15. mai og det vart vanskelgare å få tilsynsmann. Fyrvesenet tilsette då ein fast fyrvaktar og bygde bustad til han i 1876. Bygningen vart ei kombinert fyrlykt og familiebustad. I 1891 vart det gjort store utvidingar på fyrstasjonen med nytt vaktrom i andre etasje. Lykta var då 24,7 meter over flo sjø. Eit fransk linseapparat av 4. orden vart sett inn i 1905.
I 1936 vart det bygd eit nytt vinkeljerntårn med ei høgd på 22,5 meter for å få fyrlykta enno høgare over havet. Slike tårn er sjeldne å sjå i landet. Etter at fyret vart automatisert og avfolka i 1982 stod bygningane ved fyrstasjonen i forfall. I 1993 starta ein restaureringsprosess av heile fyrstasjonen for å føre både det utvendige og interiøret tilbake til den opphavlege utsjånaden. Fyrstasjonen er i dag freda etter lov om kulturminne.
Sjå òg [endre]
Kjelder [endre]
- Norsk fyrliste 2008 - side 292 (PDF - 15 mb). Kystverket.
- Alnes fyrstasjon. Norsk Fyrhistorisk Forening.
|
|
|
|---|---|
| Alnes · Bjørnsund · Erkna · Flatflesa · Flåvær · Grasøyane · Grip · Haugjegla · Haugsholmen · Hellevik · Hestskjær · Hogsteinen · Kvitholmen · Lepsøyrev · Ona · Runde · Skalmen · Stavenes · Storholmen · Svinøy · Tyrhaug · Ulla |