Alnwick

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Alnwick

Byen Alnwick, bakom Alnwick Castle
Byen Alnwick, bakom Alnwick Castle
Plassering
Alnwick is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Northumberland
Distrikt Northumberland
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2011)

8 116
Koordinatar 55°25′″N 1°42′″WKoordinatar: 55°25′″N 1°42′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer NE66
Telefon-retningsnummer 0 1665
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Alnwick

Alnwick (uttalt /ˈænɨk/) er ein liten handelsby i det nordlege Northumberland i den nordaustlege delen av England. Alnwick er administrativt senter for distriktet Alnwick. Ved folketeljinga i 2011 hadde han litt over 8 000 innbyggjarar.[1]

Alnwick er ein landleg by med lange historiske røter, og er setet til hertugen av Northumberland. Byen ligg bortimot 50 km sør for Berwick-upon-Tweed og den skotske grensa, og rundt sju kilometer frå kysten. Han ligg ved elva Aln, og voks utover i Aln-dalen frå ein vadestad over elva.[2]

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Alnwick var ein viktig stad i Northumberland i normannartida, då det blei grunnlagd eit slott her i 1096 og eit kloster i 1147. Som staden for Alnwick Castle har han vore heimstaden for fleire av dei mektigaste baronane i Nord-England i mellomalderen; jarlane av Northumberland. Alnwick er òg ei gjennomferdsåre for Den store vegen nord (Great North Road) mellom Edinburgh og London, og i seinare tid som ein moderne landleg bustad for pendlarar. Sentrumsstrukturen har endra seg særs lite og har halde den opphavlege karakteren sin, men det har vore stor vekst i dei siste ti åra der fleire bustadfelt er bygde på stader som var grøne rekreasjonsfelt tidlegare, forutan nye fabrikkar og handelsstader langs innfartsåra til sørsida til byen.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Brizlee Tower, eit observasjonsplattform med utsikt over Hulne Park, hertugen av Northumberland sin innmura eigedom ved Alnwick Castle.

Den viktigaste bygningen i byen er slottet Alnwick Castle, heimen til familien Percy, hertugane av Northumberland, og der hage- og parkanlegget Alnwick Garden dominerer vestsida av byen og ligg på oversida av elva Aln. Slottet er eit senter for ei rekkje kommersielle, utdannings- og turistbedrifter. Staden husar kontoret for amerikanske studentar som studerer i Europa, er basen for bustader i Northumberland, hertugen sin kommersielle føretak, og ikkje minst er Alnwick Castle i seg sjølv ein turistattraksjon. Slottet er ope frå april til september medan hagen er ope året rundt. Alnwick Castle er det andre største busette slottet i England etter Windsor Castle. Benjamin Disraeli skildra Alnwick som «Montacute» i romanen sin Tancred.

Festninga er populær hos filmskaparar. Mellom anna Harry Potter, Svarte Orm, Robin Hood, Prince of Thieves og Downton Abbey har vorte filma her.[3]

Sentrum i byen er handelsplass med den gamle marknadskrossen, men i dag er det relativt moderne Northumberland Hall nytta som møtestad. Rundt marknadsplassen ligg dei viktigaste handelsgatene; Narrowgate, Fenkle Street, og Bondgate Within. Den sistnemnde er ei vid, romsleg gate med attraktive kommersielle bygningar.

I mellomalderen var Alnwick ein festningsby, og ein mur står igjen – Hotspur Tower, ei oldsgate, som skil Bondgate Within frå Bondgate Without, og avgrensar bilisme til eit enkelt vegfelt som må køyrast skiftvis i begge retningar. Pottergate Tower, på den andre sida av byen, står òg ved ei oldtidsgate, men sjølve tårnet vart gjenoppbygd på 1700-talet. Det dekorative tårnet vart øydelagt av ein storm i 1812. På utsida av murane ligg ein tidlegare jernbanestasjon, nokså stor og prangande for ein småby som Alnwick, men bygd for å imponera dei kongelege gjestene til jarlane av Northumberland.[4] Han huser no ein stor bruktbokhandel, Barte Books.

Byen har eit levande teater, eit fleirkulturelt kunstsenter som oppfører eit hektisk program for teater, dans, musikk, kino og kunstutstillinger. Lokalavisa i byen heiter Northumberland Gazette.

I 2003 vart idretts- og underhaldningssenteret Willowburn Sports and Leisure Centre opna i utkanten på sørsida av byen og der det er fotball, cricket, rugby, bergklatring, vassport, sykling og riding. 30 minutt med bil frå byen finst det òg golfanlegg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historia til byen er historia om festninga og herskarane her, frå tida med normannaren Gilbert Tyson, som var ein av Vilhelm I av England sine faneberarar, og som fekk dei nordlege eigedomane i gåve. Etter at eigedomane vart haldne av familien De Vesci (modernisert som Vasey – eit namn som finst over heile det søraustlege Northumberland) i over to hundre år, vart dei overteke av Huset Percy i 1309.

Byen har fleire stader som minnast dei utalde krigane mellom Huset Percy og skottane, krigar som mange medlemmar av Percy-familien brukte store delar av liva sine på. Ein kross i nærleiken av Broomhouse Hill på andre sida av elva frå festninga marker staden der kong Malcolm III av Skottland vart drepen i 1093.[2] Ved sidan av den breie vegen kalla Ratten Row, som fører frå West Lodge til Bailiffgate, markerer ei minnetavle av stein staden der Vilhelm I av Skottland, òg kalla Vilhelm Løva, vart fanga i 1174 av Odinel de Umfraville og venene hans. D

Hulne Priory på utsida av bymurane og innanfor Hulne Park, den innmurete eigedomen til hertugen, var eit kloster som vart grunnlagt på 1200-talet av karmelittane. Det er sagt at staden vart valt på grunn av ein vag likskap med fjellet Mount Carmel der ordenen opphavleg vart grunnlagt. Mange ruinar er enno synlege.

Vinteren 1433 vart store delar av byen brunne av eit skotsk herjingstokt.

Kjende folk knytt til Alnwick[endre | endre wikiteksten]

Fødd i Alnwick[endre | endre wikiteksten]

Døydde i Alnwick[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Population Density, 2011 (QS102EW) for Alnwick Parish, statistics.gov.uk.
  2. 2,0 2,1 «Alnwick from Malcolm's Cros», British Library, bl.uk.
  3. «Media & filming at Alnwick Castle», alnwickcastle.com.
  4. «About the Station«, barterbooks.co.uk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Alnwick