Alonzo Chappel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alonzo Chappel

Statsborgarskap USA
Fødd 1. mars 1828
New York by
Død

4. desember 1887 (59 år)
New York

Yrke kunstmålar
Sjanger portrett
Alonzo Chappel på Commons

Alonzo Chappel (1. mars 18284. desember 1887) var ein amerikansk målar. Han er best kjend for måleri av personar og hendingar frå amerikansk historie, særleg den amerikanske revolusjonen.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Chappel var fødd i New York by[1] som son av William P. and Maria Howes Chappel. Faren var av fransk hugenott-opphav og verka som blekkslagar. Familien budde på nedre Manhattan i The Bowery, på andre sida av gata frå Old Bowery Theater.[2]

Alonzo Chappel byrja tidleg å laga bilete. Som niåring skal han ha bidrege med portrettet The Father of His Country til utstillinga American Institute Fair. Som tolvåring verka han som portrettmålar på gata der han laga og selde portrett for 5 til 10 dollar av forbipasserande.[2]

Som sekstenåring var han oppført i New York City Directory (ein firmakatalog tilsvarande gule sider) som kunstnar, og tok 25 dollar for eit portrett. Som syttenåring lærte han å teikna kopiar av antikke skulpturar National Academy of Design - dette verker ha vore all den formelle kunstutdanninga han fekk.[2]

Rundt 1848 blei Chappel gift med Almira Stewart. Portrettmålinga gjekk godt, og han hadde også utvida til scenedekor. Han skal ha vitja Cuba for inspirasjon, og frå 1849 og i 1850-åra stilte han ut sjangermåleri ved American-Art Union og andre utstillingar. Han blei lagt merke til av samlarar, og fekk i oppdrag å illustrera boka Life and Times of Washington (1857) av John Frederick Schroeder. Etter dette utførte han fleire historiske måleri for utgjevaren Martin, Johnson, and Company, med motiv frå kolonitida til den amerikanske borgarkrigen.[2]

I 1857 var Chappel med på å skipa The Sketch Club, eit lag for kunstnarar som skulle oppmuntra dei til å laga ny kunst. I 1866 var han med på å danna Brooklyn Academy of Design, ein kunstnar-driven organisasjon for kunst og design der han blei vald til nestleiar.[2]

Chappel blei enkjemann med fire barn 14. juni 1863, då Almira døydde. Nokre år seinare gifta han seg opp att med enkja Abbie J. Briggam, som hadde ein son. Paret kjøpte ein eigedom i Suffolk County på Long Island i 1869, og bygde eit hus der. Dette blei ein slags kunstnarkoloni som gjorde at innsjøen ved huset fekk namnet Artist's Lake. Chappel hadde sjølv ein enorm produksjon på denne tida. Han illustrerte verk som History of the World, Ancient and Modern (1871), Portrait Gallery of Eminent Men and Women of Europe and America (1872-73) og The Complete Works of Shakespeare (1888).[2]

Han døydde heime på Middle Island i New York.[1]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Alonzo Chappel