Alpine Club

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Alpine Club
Skipa 1857
Hovudkontor 55-56 Charlotte Road, London
Nettstad alpine-club.org.uk

Alpine Club er ein britisk fjell- og klatreorganisasjon som blei grunnlagd i London i 1857 som den første klatreklubben i verda. Klubben har som føremål å støtta fjellklatring og utforsking over heile verda, i tillegg til å fostra kunnskap om fjell gjennom vitskap og kunst. Han går også inn for å verna miljøet i fjellet og å ta vare på sin eigen klubbhistorie.[1]

Klubben er open for aktive og tidlegare klatrarar frå Storbritannia og resten av verda. For å bli medlem må ein ha utført minst 20 «respektable» klatreruter i Alpane eller tilsvarande fjellområde. Skiklatring og skotsk vinterklatring blir også tekne med, i tillegg til bidrag til fjellitteratur. Klubben tillet også aspirant- og støtttemedlem.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Klubben blei grunnlagd 22. desember 1857 av ei gruppe respekterte britiske alpeklatrarar ved Ashley's Hotel i London. E.S. Kennedy var formann for møtet og blei den første visepresidenten, medan John Ball var den første presidenten. Klubben møttest seinare på Metropole Hotel. Han leigde rom i St Martin's Place ved Trafalgar Square i 1858.[3] Frå 1895 heldt han til i Savile Row og frå 1937 til 1990 i South Audley Street i Mayfair i London.[4] I 1990 heldt klubben ei kort tid til i Eaton Square. saman med Ski Club of Great Britain, før han kjøpte ein eigen bygning i Charlotte Road i Shoreditch i 1991.

Presidentar[endre | endre wikiteksten]

See also[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Alpine Club Rule 2: «The object of the Alpine Club is to promote mountain climbing and exploration throughout the world, develop a better knowledge of the mountains through literature, science and art and through its meetings and publications, encourage protection of the mountain environment, and conserve the Club's heritage.» Objectives ved alpine-club.org.uk
  2. Join ved alpine-club.org.uk]
  3. http://www.oxforddnb.com/public/themes/96/96327.html Date accessed: 09 January 2008. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  4. http://www.british-history.ac.uk/report.aspx?compid=42154 'South Audley Street: West Side', Survey of London: volume 40: The Grosvenor Estate in Mayfair, Part 2 (The Buildings) (1980), pp. 303-315. Date accessed: 09 January 2008. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  5. George Band (2006). Summit: 150 Years of the Alpine Club. Collins. ss. 236-237. ISBN 0007203640. . Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.