Alrek og Eirik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Alrek og Eirik var kongar av Ynglingeætta. Etter Snorre Sturlason var dei søner av Agne, medan Historia Norvegiæ (Den eldste Noregshistoria) fortel at dei var søner av Dag Dyggveson, og at Alrek var far til Agne.

Om desse to er det fortald at dei var glade i hestar, og kappast med kvarandre om kven som var best til å ri dei. Ein dag vart dei funne på vollen, daude båe to, og hausane deira var krasa. Folk trudde dei hadde drepe kvarandre med beisla til hestane sine.

Tjodolv frå Kvine fortel i Ynglingatal:

Fall der Alrek
der som Eirik
for bror-våpn
sin bane fekk,
og med hestens
hovud-reimar
frendane hans Dag
drap kvarandre.
Aldri fyrr de spurdest
at Ynglingar
heste-beisl
hadde til verju.

Historia Norvegiæ fortel berre at Alrik drap bror sin med eit beisl. Tjodolv kallar brørne "frendene hans Dag", noko som tyder på at dei er nærare knytt til Dag enn til Agne (søner av Dag). I så fall er det Snorre som har snudd om på ættelista.

Nokre forskarar reknar namnet Alrik eller Alrek som ein variant av Alarik, og at forteljinga er knytt til ei minning om vestgotarkongen Alarik på eit eller anna vis. Moglegvis har dette med å gjera at gotarane og var kjende for å bruke hestar (Hreidgotar).