Als

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Als
Sønderborg hamn
Sønderborg hamn
Geografi
Stad Mellom Jylland og Fyn
Koordinatar 54°59′N 09°55′E

Areal 321 km²

Administrasjon
Land Danmark
Kommunar Sønderborg kommune
Største busetnad Sønderborg (30 555 innb.)

Demografi
Folketal 57 272 (2003)
Folketettleik 178 /km²

Als er ei øy like aust for Jylland i Danmark med eit areal på 321 km² og ein omkrets på 165 km. Øya er avgrensa av Alssundet, Alsfjord, Lillebælt og Flensborg Fjord og ligg i Sønderborg kommune i Region Syddanmark. Fram mot kommunereforma i 2007 var øya delt i fleire kommunar: Als Nørre Herred med sokna Egen, Havnbjerg, Nordborg, Oksbøl og Svenstrup, Als Sønder Herred med Augustenborg og Sydals med halvøya Kegnæs, og Sønderborg som er kommunebyen. Als har naturleg områdetilknytning på Jyllandssida til Sundeved, Broagerland og Gråsten.

Øya er forbunde med Jylland med Christian den Xs bru i Sønderborg (1935) og Alssundbrua (1981). Ei ferje går frå Ballebro til Hardeshøj, frå SøbyÆrø til Mommark og frå Bøjden til Fynshav.

Als er ei frodig øy og har i dag intensivt svineavl. Øya vart tidlegare kjend for sine fruktplantasjar, og enno er det enkelte i drift.

Vestkysten har mange innskjeringar, Hørup Hav, Augustenborg Fjord og Dyvig. På austkysten ligg den 700 ha store Nørreskov langs med Lillebælt.

Øya er tett folkesett med 57 272 innbyggjarar (2003), noko som svarar til 178 innbyggjarar per kvardratkilometer. Tidlegare Nordborg kommune med 14 000 innbyggjarar er sete for ei rekkje verksemder, mellom anna den største industriverksemda i Danmark, Danfoss. Danfoss har om lag 5 500 tilsette.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Augustenborg slott

Få stader i Danmark har så mange busetnadsfunn og steindysser over eit så lite areal som på Als. Dei mange funna vitnar om at øya har vore busett sidan eldre steinalder. Mange av steindyssene er funne i skogane, mellom anna i Nørreskoven. Av dei mest kjende funna frå bronse- og jernalderen er Hjortspringsbåten, som i dag står på Nasjonalmuseet. Ein har òg funne restane av eit lik i ei eikekiste frå bronsealderen, samt nokre bronseskåler. Desse står og på Nasjonalmuseet. Frå vikingtida har ein funne ein mann gravlagd med stridshesten sin og eit sverd. Ved Augustenborg har ein funne eit festningsanlegg kalla Svenskeskanse.

I mellomalderen var øya prega av ei rekkje adelsmenn som herska kvar sitt landområde med si lokale borg. Christian III sin son, hertug Hans, fekk øya som hertugdøme, og han kjøpte adelen ut. Seinare vart øya delt opp i fleire mindre hertugdøme, som i lengda ikkje var levedyktige og derfor gjekk konkurs. På 1700-talet vart hertugen av Augustenborg den dominerande personen på øya. Under nasjonalitetskampen frå 1848 til 1920 vart det avgjort gjennom ei avstemming i 1920 at øya skulle vere dansk. Byane var der derimot meir tyskprega. Etter 1920 har øya vore prega av veksande industri, særleg etter 1945 då Danfoss voks til eit internasjonal konsern.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Als