Alstahaug kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For ei kyrkje med liknande namn i Innherad, sjå Alstadhaug kyrkje

Koordinatar: 65°53′38″N 12°23′52″E

Alstahaug kyrkje
Alstahaug kirke.jpg

Alstahaug

Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Sør-Hålogaland
Prosti:  Nord-Helgeland
Prestegjeld:  Alstahaug
Fellesråd:  Alstahaug
Sokn:  Alstahaug
Vigd til:  St. Margareta
Innvigd:  ca 1200
Kyrkjegard:  ved kyrkja
Arkitektur
Type:  langkyrkje
Materiale:  stein
Takryttar:  laukkuppel
Kyrkjerommet
Plassar:  270
Commons-logo.svg
Alstahaug kyrkje på Commons

Alstahaug kyrkje er ei mellomalderkyrkje bygd i stein på øya Alsta i Alstahaug kommune, litt sør for for Sandnessjøen i Nordland. Ho er soknekyrkje i Alstahaug sokn i Nord-Helgeland prosti.

Kyrkja vart bygd på 1100- eller 1200-talet, av lokalt hogd kleberstein og utforma i romansk stil, som eit rektangulært skip og smalare kor. Kyrkja er ei av tre steinkyrkjer som vart bygde nokolunde samstundes, kanskje av same byggmeister. Alstahaug kyrkje har som Herøy kyrkje og Dønnes kyrkje mykje lik utforming, inkludert den karakteristiske laukkuppelen.

Alstahaug prestegjeld var lenge det mektigaste på Helgeland. Prestegjeldet hadde ved reformsatsen i 1589 seks kyrkjer og to kapell.

Altertavla vart sett opp i 1636. Presten Petter Dass virka her frå 1689 og fram til sin død i 1707. Han gav kyrkja døypefatet i gåve i 1697. Sonen Anders Dass etterfølgde han. I perioden 1804-1828 var Alstahaug sete for biskop Mathias Bonsak Krogh, den første biskopen for Nordlandene. Biskop Krogh er gravlagt på kyrkjegarden ved kyrkja.

Gravstøtta til M.B. Krogh ved Alstahaug kyrkje. Foto: Årbok for Helgeland 2004
Portal frå mellomalderen

Kyrkja vart utvida og ombygd 1863-1865, og det vart bygd på eit skip, slik at den gamle mellomalderkyrkja no vart kor. Den vestre halvparten av skipet vart då riven. Kyrkja vart delvis tilbakeført til opphavleg utsjånad ved ombygging i 1935 og restaurering i 1970.

Kyrkja har om lag 270 sitjeplassar.

[endre] Litteratur og kjelder

[endre] Bakgrunnsstoff


Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk