Alster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alster
elv
Alster i Hamburg
Land  Tyskland
Lengd 53 km
Kjelde Nær Henstedt-Ulzburg
Munning Elbe
Kart
Alster
53°45′49″N 10°00′17″E / 53.7636°N 10.0048°E / 53.7636; 10.0048
Wikimedia Commons: Alster (River)

Alster er ei elv i Schleswig-Holstein i Tyskland og ei av sideelvane til Elbe frå høgre med ei lengd på 53 km. Ho har sitt utspring nær Henstedt-Ulzburg i landsbyen Kisdorferwohld, om lag 25 km nord for Hamburg. Alster renn sørover og munnar ut i Elbe i Hamburg, som vart grunnlagd ved breidda av elva. I sentrum av Hamburg har Alster vore demma opp sidan 1190, opphavleg i samband med ei vasskvern. I 1235 vart det bygd endå ei demning for ei anna vasskvern, som endra elva til ein innsjø. Alster dannar to kunstige innsjøar innanfor bygrensene til Hamburg kalla Außenalster (Ytre Alster) og den mindre Binnenalster (Indre Alster). I dag er desse innsjøane og dei omliggande parkane viktige rekreasjonsområde i hjartet av byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Alster