Alt-elva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alt
elv
none  Alt ved Croxteth
Alt ved Croxteth
Land Flag of England.svg England
Grevskap Merseyside, Lancashire
Kjelde Hag Plantation i Huyton
 - høgd 40 moh
Munning Hightown
Lengd 28 km
Båter fortøyd i munningen av Alt ved Hightown

Alt er ei elv i Merseyside i England. Ho er 28 kilometer lang. På delar av lengda si dannar elva grensa mellom Merseyside og Lancashire.

Elva har utspringet sitt ved Hag Plantation i Huyton, på 40 meter over havet, og renn derfrå gjennom Croxteth Park og fortset mot nordvest, meir eller mindre parallelt med motorvegen M57 sør for Kirkby. Ho renn deretter vidare mellom Aintree og Maghull. Sør for Formby snur elva mot sør og munnar ut i Irskesjøen gjennom eit estuar ved Hightown, rundt 15 kilometer nord for Liverpool sentrum. Elvemunningen ligg nær nordenden av elva Mersey-estuaret og markerer òg den nordlege enden av Crosby Beach.[1]

Estuaret er ein del av naturvernområdet Ribble and Alt Estuaries Special Protection Area.

Stader langs elva[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. A Troublesome Little River. Mike Royden's Local History Pages. Vitja 7. juli 2011.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Alt-elva

Koordinatar: 53°31′22″N 3°03′57″W