Altaelva i Ukraina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alta
elv
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
Oblast Kiev oblast
Kjelde
Munning Trubizj
Lengd 46 km
Nedslagsfelt 492 km²

Alta eller Iltytsja (ukrainsk Альта, Ільтиця, Alta, Iltytsja) er ei lita elv i Ukraina og ei sideelv til Trubizj frå høgre. Den gamle byen Perejaslav (i dag Pereiaslav-Khmelnytskyj i Ukraina) ligg mellom Trubiz og Alta.

Elva vert rekna som staden der mordarane sendt av Svjatopolk I av Kiev tok livet av helgenane Boris og Gleb i 1015. I 1019 var elva åstad for eit slag mellom Svjatopolk og bror hans Jaroslav I den vise som Jaroslav vann.[1]

I 1068 var elva staden der Iziaslav I av Kiev vart slått av Polovtsy i slaget ved Altaelva[2]

Den 25. mai 1630, nær Perejaslav, vart den polske hetmanen Stanisław Koniecpolski slågg av zaporozje-kosakkar leia av Taras Triasylo. Slaget er kjend som Tarasnatta og vert skidlra i Taras Sjevtsjenko-diktet Taras Nich.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]